Trappesnakk

Eg er stort sett ein tolmodig mann. Men det er visse situasjonar i livet som set tolmodet mitt på prøve. Ein av dei er det eg her kallar «trappesnakk». Slik fortonar problemet seg:

Me har site i triveleg selskap i timevis, og preika om laust og fast. Me har eigentleg vore innom alle dei tema det har vore aktuelt å snakka om. Brann sin elendige sesong er det berre eg som har prøvd å bringa på banen. Emnet blir kvikt avvist med ei uvesentleg hending frå nabobygda.

Så er det tid for å gå heim, selskapet seier farvel, og får på seg yttertøyet. Det er då det skjer. Vel ute på trappa er det full stopp. Det dukkar plutseleg opp fleire emne, som ikkje har vore gjennomdiskuterte tidlegare i selskapet. Eg går kvilelaus omkring enten eg er vert eller gjest. Selskapet held det gåande med tomsnakk. Dei siste minuttane av samtalen går meg alltid «hus forbi».

Lars Jostein
15.12.14

Forrige
Forrige

– Eit regionsenter må ha hotell!

Neste
Neste

Doktor Haugen – ein folkekjær distriktslege