Badeplattform i Borvika

(Foto: Husnes Vekst)

(Foto: Husnes Vekst)

Husnes Vekst i samarbeid med fleire andre har no lagt ut ei splitter ny badeplattform i Borvika, den einaste kommunale badeplassen på Husnes. Kjem sommaren, er det mange som vil gle seg over dette tiltaket.

Plattforma, eller plattingen om ein vil, har ein storleik på 2,4 x 3,40 meter og har kosta om lag 45.000 kroner. Husnes Vekst har bidrege med kr 28.000 i prosjektet, forutan at SpareBankstiftinga Kvinnherad og ein del andre sponsorar har vore med på finansieringa.

Styret i Husnes Vekst har òg delteke i dugnadsarbeidet i tillegg til at fleire dykkarar frå Kvinnherad Undervannsklubb utførde jobben med å festa plattforma til solide ankerfeste. 

Plattforma er levert av eit firma i Oslo.