Eit smykke ved Melderskin

(Bilete frå turnlaget sin sluttrapport etter prosjektet)

(Bilete frå turnlaget sin sluttrapport etter prosjektet)

244 meter stein, den siste på 880 meters høgde er på plass over Skarsklyp. (Foto: Olav B. Espeland)

244 meter stein, den siste på 880 meters høgde er på plass over Skarsklyp. (Foto: Olav B. Espeland)

Etter knappe fire vekers iherdig innsats av røynde fagfolk frå Nepal, er sikringa av Skarsklyp på vegen opp mot Melderskin no sluttført. Arbeidet starta 15. juni og var ferdig fredag 10. juli. På denne tida la karane 244 meter stein, den siste på 880 meters høgde. Totalt 256 trinn av stein frå området var lagt på plass.

– Ei fin markering av «Friluftslivets år», og eit viktig bidrag til den jordskjelvråka bygda Khunde i Nepal, heiter det i sluttrapporten frå turgruppa i Rosendal Turnlag. Dei karakteriserer arbeidet med den nye stien som eit smykke, som vil sikra fjellvandrarar i generasjonar framover.

Les rapporten om prosjektet her