Då monstersteinen kom

Oppe i fjellsida på venstre sida av Sundal låg steinen.

Oppe i fjellsida på venstre sida av Sundal låg steinen.

Det hadde gått i manns minne både ein og to gonger; folk i Sundal i Mauranger hadde venta med vonde draumar i fleire hundre år. Den fleire titalls tonn tunge steinen låg som ein slags «Mannen» på tipp over gardshusa der nede.

Dei visste at steinen – eit stykke av eit fjell – ville koma ned ein dag. Helst ein regnfull dag. Folket på garden såg opp i fjellsida kvar einaste dag. Men steinen låg der han låg i går, eller…?

Sånn skulle dagar, veker og år gå sin gang. Det gjekk tiår etter tiår, generasjon etter generasjon. Hundreår følgde hundreår. Steinen blei liggjande. Men han «snakka» med folk. Helst i ruskevêr.

Folk i Sundal drog den lange vegen til Rosendal med bøner og avlat til den gamle kyrkja. Det var ikkje godt nok å dra til Ænes, til kyrkja der. Begge kyrkjene var frå 1200-talet. Æneskyrkja var eldst, fann dei seinare ut. Men det var til Rosendal dei måtte reise med avlaten sin.

Det var ikkje andre stader og kyrkjer som hadde kraft nok, meinte dei gamle. Dei la igjen pengar. Heilt fram til året 1934 la folk igjen pengar; myntar, kroner, dalar, skilling. Dei la igjen i katolsk tid og dei la igjen i vår tid, den protestantiske.

Blei liggjande

Og den svære steinen blei liggjande i fjellsida. Han låg der, lea seg kanskje litt. Ingen visste. Og snart skulle det kome hol i fjellet. Hol under Folgefonna og kort veg til Odda. Året var 2000, det skulle bli hol neste år. Ein dag det året sto Bård Bondhus på ein av bøane i Mauranger. Det begynte å bråka oppe i fjellsida. Steinen! Den digre steinen kom! Bondhus blei ståande å glo. Noko anna kunne han ikkje gjera. Den fleire titalls tonn store steinen tippa utfor, drog seg nedover. Han hadde lege lenge nok oppe i fjellet.

No fekk folket i Sundal vite om det hadde vore gagn i mange hundre år med bøner. Bård Bondhus var vitne til at steinen tok ein sving til høgre, mot alle berekningar og ruste inn i den tunge krattskogen, slo ned tre og la seg til ro.

Enno rauk det av steinstøvet. Men steinen hadde funne sin plass, han hadde lagt seg til å kvile – for godt. Den var ikkje lenger nokon fåre. Folket kunne sove godt om nettene.

Jan Gravdal
www.oddajangen.com