Gode skiforhold

(Foto: Røen og Sjøvangen Velforeining)

Vinteren er komen og det er gode skiforhold i Halsnøy sportsløype, melder Røen og Sjøvangen Velforeining. Så viss det freistar med ein skitur i det flotte vêret vi har no om dagane, så ligg det ei flott løype i Røo og ventar. Her er nok snø og fine forhold, så no kryssar vi fingrane og håpar at vinteren held seg nokre dagar.