Avskil med kultursjefen
Sidan 2002 har Kristian Bringedal vore ein markant kultursjef i Kvinnherad kommune. Men no er det snart slutt, etter som han frå 1. juli går over i pensjonistane sine rekkjer.
Torsdag vart milepælen markert med ei fin og stilfull samling med alle tilsette i verksemd for kultur og fritid, som Bringedal har leia i mange år. Også ordførar Peder Sjo Slettebø deltok på markeringa i Kulturhuset Husnes.
Kultur og fritid i Kvinnherad er ei verksemd med stor breidde og mangfald i fagområde og avdelingar. Dette har også endra seg gjennom dei 14 åra Bringedal har vore leiar for verksemda. Ein komitè med representantar frå dei ulike fagområda hadde planlagt det stilfulle arrangementet i kulturhuset.
Det var Linda Øen, konstituert som kultursjef frå 1. juli, som leia samkoma. Etter at ho hadde gjennomgått Kristian si aktive arbeidskarriere, krydra med godord, fekk vi ei musikalsk opning til å koma i skikkeleg godstemning av. Kulturskulelærar Mauricio Weimar hadde nemleg kursa kollegaene sine på afrikansk marimba, og resultatet vart eit kjempemessig marimbaorkester, som fekk sving på dei afrikanske rytmane.
(Tekst og foto: Thor Inge Døssland)
Les meir på nettsida www.uskedalen.no her.