Rett antrekk

Det er mykje nyttig ein kan læra ved å følgja med på frukost-TV, eller skulefjernsyn for pensjonistar, som eg vil kalla det.

Her ein dag dukka det t. d. opp to entusiastiske damer, som hadde funne ein heilt nødvendig "app" som skal hjelpa oss til å velja rett antrekk i ei hastig morgonstund. Denne kjem eg sporenstriks til å nytta meg av.

I klesskapet mitt finst blant anna konfirmasjonsdress, brudgomsdress, kvitskjorter i «slim fit», 3 – 5 år gamle dongeribukser, ein haug med T-skjorter kjøpt under mild tvang i Syden, og ei og anna trøye. Meir enn nok til å laga kaos av.

Verre er det for den kvinnelege delen av husstanden. Der i garden er omkvedet at «…eg har ingenting å ha på meg», når me skal ut på eit eller anna. Det kan eg ikkje skjøna. Damene på fjernsynet sa at det gjennomsnittleg finst 61 plagg i ei kvar kvinne sin garderobe.

Lars Jostein
2. september 2016

Forrige
Forrige

Årets trimfest i Rosendal

Neste
Neste

Fin film om kraftutbyggjing