Klara Døssland: Heimebuande og sprek 100-åring

Lyd
Klara Døssland likar seg heime i si eiga stove og har avslege tilbodet frå fastlegen om ein plass på aldersheimen.

Klara Døssland likar seg heime i si eiga stove og har avslege tilbodet frå fastlegen om ein plass på aldersheimen.

Høyr intervjuet her:

Klara har god tid til å filosofera no, både om livet som har vore og det som skal koma, men grublar ikkje over slutten.

Klara har god tid til å filosofera no, både om livet som har vore og det som skal koma, men grublar ikkje over slutten.

Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg.

– Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervjuet. Med god hjelp av ei heimebuande dotter finst det ikkje betre plass å vera for eit gammalt menneske enn på Heio i Uskedalen. Her kan ho filosofera over liv og lagnad – og endåtil over striden rundt den kvinnelege presten i bygda.

Klara Døssland vart fødd på Øvre Fet for snart hundre år sidan. Der voks ho opp med mor og far og fire søsken. Faren døydde før ungane var konfirmerte, så dei måtte tidleg læra seg å hjelpa til på garden. Det var eit hardt og strevsamt liv, men mora var flink på alle måtar og gav ungane sine ein god oppvekst. Ho stilte endåtil opp og skreiv dikt når ungdomslaget i bygda skulle ha ei eller anna tilstelling.

– Jau, vi hadde ein god barndom, og mor vår klaga aldri, sjølv om ho sat trongt i det økonomisk, seier Klara. På den tida fanst det korkje barnetrygd eller morstrygd. Garden som familien dreiv var eigd av Baroniet, men etter kvart blei bruket sjølveigande. Det var stas, må vita.

Hugsar mykje

Klara gløymer ikkje barne- og ungdomsåra så lett. At ho blir hundre år til hausten merkast nesten ikkje medan vi sit og pratar i den lyse og fine stova på Øvre Døssland. Mangt sit som spikra i minnet. Spesielt tida i ungdomslaget, der ho hadde ein stor rolle i eitt av skodespela dei framførde, gløymer ho ikkje. Applausen frå publikum i Helgheim har følgt henne i mange år etterpå.
Eit anna minne frå den tida var då karane frå Musland kom berande på ølkaggane sine når dei skulle på dans. Tida på sildoljefabrikken i Beinavikjo etter at ho var konfirmert, gløymer ho heller ikkje.

I 1951 gifte Klara seg med Peder Døssland og dei flytte til garden på Heio. Han var sjømann og vart blant anna torpedert to gonger under krigen, hendingar som prega han livet ut. Han kunne vera ute i opptil to år om gongen og då hadde Klara alt ansvar for borna og garden åleine. Men ho har hatt god helse og godt humør, noko ho tilskriv barne- og ungdomsåra på Fet.
– Eg er helst seig, veit du, seier Klara, som ikkje tenkjer så mykje på korleis det skal gå til slutt. Det får koma det som skal, eg går ikkje rundt og grublar over slike ting. Prestestriden i Uskedalen derimot, har ho tenkt ein del på, og meiner det var toskaskap. Ho forstår ikkje at vaksne folk kan oppføra seg slik mot kvarandre, som dei gjorde den gongen. Det er rett og slett ei skam, meiner ho.

Ute i det velstelte tunet viser Klara oss både Englafjell, Nåso og Solfjell. Ho har vore på kvar einaste topp mange gonger. Her ligg nok noko av forklaringa på at ho er i fysisk bra form. Til hausten blir ho 100 år.

Fjella i Uskedalen har vore god trening for Klara, attåt arbeidet på garden.

Fjella i Uskedalen har vore god trening for Klara, attåt arbeidet på garden.

Forrige
Forrige

Vår og sommar i sikte

Neste
Neste

Den kjeringjo!