Posts in Lyd
Har vore døden nær to gonger

Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar.

Men allereie tre dagar etter fødselen i 1948, heldt han på å dø. Den vesle guten hadde fått skarlagensfeber med 42°C i feber og ingen trudde at han kom til å overleva. Difor vart det i all hast arrangert dåp i Bogsnesteigen, der han fekk si første kyrkjelege velsigning.

Godt og vel 68 år seinare er det nære på for Håkon, som i januar same året måtte gå til skifteretten og be om oppbod for firmaet sitt. Fleire tilfeldigheter og rask innsats frå kona, ein son og helsepersonell både på Husnes og i Bergen, gjorde at han i dag er i live og kan fortelja historia si her på Skimtvis.net. 

Klikk deg vidare og høyr intervjuet.

Read More
LydKristian Hus
Ein ekte kvinnhering i Hardanger

Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag.

– Ein kan ikkje ha det betre enn dette når ein er så gammal, seier den utflytte kvinnheringen med jentenamnet Helvik, og opprinneleg frå Sunde.

Klikk på bildet og høyr intervjuet.

Read More
LydKristian Hus
Kasper er klar for siste reis

– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han kan få seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge. Til Rosendalstunet vil han i alle fall ikkje, slår den aldrande mannen fast.

Klikk på bildet og høyr Kasper fortelja litt om sitt lange liv.

Read More
LydKristian Hus
89 år – men kjenner seg ikkje gammal

Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta like sidan 1700-talet.

Klikk på bildet og høyr intervjuet.

Read More
LydKristian Hus
Godt å bu heime ilag med kona

Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser han absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv.

Johannes og kona bur på Sjo, på eit lite småbruk like attmed vegen mot Ranavik. Den vesle garden har vore i slekta lenge, og her voks han opp i små kår ilag med foreldre og ni søsken.

Klikk på bildet og høyr Johannes fortelja om eit langt liv.

Read More
LydKristian Hus
97-åring trivest i eigen heim på Sunde

– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje lenger får stelt hus og heim slik han ønskjer – før han fer herifrå.

Dessutan plagar det han at ungane hans har sine eigne hus på kvar sin kant av landet, og at barndomsheimen deira dermed kan koma på andre hender når han er borte. Den tanken likar ikkje Trygve.

Klikk på bildet og høyr lydintervju.

Read More
LydKristian Hus
Bonde, sjømann og innkjøpssjef

Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet.

– Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha fått vore med og skapt noko her i Kvinnherad, seier 90-åringen i dette lydintervjuet. Han gløymer ikkje tida på SØRAL, og håpar at B-hallen snart kjem i produksjon igjen. Prisane er i alle fall på veg opp no, har han registrert.

Klikk på overskrifta og høyr intervjuet.

Read More
LydKristian Hus
Heimebuande og sprek 100-åring

Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg.
– Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervjuet. Med god hjelp av ei heimebuande dotter finst det ikkje betre plass å vera for eit gammalt menneske enn på Heio i Uskedalen. Her kan ho filosofera over liv og lagnad – og endåtil over striden rundt den kvinnelege presten i bygda.

På neste side kan du høyra intervjuet med Klara.

Read More
LydKristian Hus
Rodde for livet då fyret blei bomba

Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina.

Høyr Aslaug Sjo fortelja frå barndom og oppvekst, og korleis det er å bli gammal.

Read More
LydKristian Hus
Eit langt liv på Kaldestad

Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt.

Read More
LydKristian Hus