Kasper Hjelmeland: Klar for siste reis

Lyd

– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han får seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge.

Til Rosendalstunet vil han i alle fall ikkje, slår den aldrande mannen fast med fynd. Det skuldast nokre episodar, der han ikkje fekk den hjelpa han hadde venta å få. I dag lagar han nesten all mat til seg sjølv kvar veke.

Høyr intervjuet her:

Kasper likar seg i kjøkenkroken, men vil likevel flytta for siste gang – til Ølve.

Kasper har køyrt bil i over 80 år, først og fremst lastebil, men òg både drosje og buss, i alle år så å seia utan alvorlege uhell. Han var ein populær mann i bygdene og hadde alltid mykje arbeid. Pengar vart det derimot mindre med, sidan mange pruta på prisen, bortsett frå dei i Rosenal. Han var stor og sterk og bar 100 kilos sekker med gjødsel like inn i løa til enkelte bønder.

Kasper er òg kjend for den faste mjølkeruta i Omvikdalen i mange år. Då var det ofte kona, Inga, som sat ved rattet, medan Kasper stod på lasteplanet lempa spanna. Kona, fødd Røsland, kom frå Bjelland på Sunde.

Passasjerande måtte skuva på bussen

Det er einsamt å vera åleine, seier Kasper.

Då han køyrde for Utåker–Rosendal Billag hende det rett som det var at passasjerane måtte ut i bratte bakkar for å skuva på dei generator-drivne bussane. Eit anna minne er at han allereie i gutealderen var grindagut for dei som køyrde drosje, både om natta og på dagtid når skulen var slutt. Totalt var det 40 grindar mellom Rosendal og Utåker på den tida, som skulle opnast og lukkast under vegs.

I lydintervjuet fortel Kasper også om då han fekk bot for å ha sett i gang byggjing av huset sitt utan løyve. Då hadde prispolitiet vore på tomta og funne ut kor mange sekker sement han hadde brukt.

Minnene frå skuletida i Omvikdalen er så som så, men ikkje alt han har fortalt frå den tida eignar seg til å fortelja vidare. Derimot hugsar han godt fine ungdomsår i heimbygda.

Forrige
Forrige

Ovidia Jaastad: Ein ekte kvinnhering i Hardanger

Neste
Neste

17. mai-tale på Halsnøy