Ny forteljing om Tjerand Aske

Terje Fjellhaugen arbeidde ilag med Tjerand Aske på anlegg i Matrefjella.

Klikk på startknappen og høyr intervjuet her:

– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels tilsette. Bakgrunnen for oppseiinga var at det var for kaldt til å driva med støyping, vinteren var på veg. Ei tid etter dette reiste han til hovudstaden for å starta på eit nytt liv.Tjerand hadde forlete det han eigde på Borgundøy etter at dyrevernnemnda i 1972 hadde teke ifrå han alle sauene hans. Dette må ha gått så hardt inn på han at det ikkje var anna utveg enn å røma derifrå. Men kvifor han, som det naturmennesket han var, valte å reisa til ein storby, er meir enn vanskeleg å forstå. Kanskje var det fordi han var i ein så fortvila situasjon? Han hadde mista jobben på anlegget i SKL og på Aske var det ikkje ein einaste sau igjen. Han stod på bar bakke, så å seia.

Men Tjerand lengta tvillaust attende til fjell og fjord heime i Sunnhordland, også til Matre og Fjellhaugen, der sauene hans hadde beita om somrane.

– Eg hugsar enno godt siste gongen eg snakka med Tjerand, fortel Terje Fjellhaugen. Det må ha vore i 1974, då han kom på besøk til oss i Matre. Han var fin i tøyet, endåtil i dress, og med koffert i eine handa. Han opna kofferten, tok opp ei flaske vin og sette på bordet.

– Den skal du ha, for eg drikk ikkje, sa totalavhaldsmannen Tjerand Aske.

– Bur i ei pappøske

– Eg bur i ei pappøskje, men har det trass alt bra. Dessutan hjelper eg mange menneske der borte, fortalte han til Terje Fjellhaugen. Kva Tjerand, som då var i slutten av 60-åra, meinte med ein slik karakteristikk av buforholda sine, kan ein berre undrast over. Var det for å illustrera at han låg på gata blant uteliggjarar, slik det ofte er blitt sagt om han, eller var det hybelleiligheten sin på Stovner han omtalte som ei pappøskje? Det får vi aldri svar på, seier Terje Fjellhaugen.

Eit anna minne frå den siste samtalen mellom dei to venene i 1974 var at Tjerand fortalte at han rett som det var fann uopna vin- og brennevinflasker på ulike stader i Oslo. Dei gjekk han til Vinmonopolet med, og fekk pant for, til liks med tomgodset han elles samla på. Slikt blei det pengar av, og vi kan ikkje sjå vekk frå at Tjerand levde av dette på slutten av livet sitt, slik mange har trudd.


Plus-Book-8023-2018-11-08-web.jpg