Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år: Ein munnleg bokpresentasjon

Innsida.no begynte med direkterapport frå kommunestyremøta i 2004. Dåverande ordførar Synnøve Solbakken er nysgjerrig på kva redaktøren sender ut i eteren.

Dersom du er interessert i å få vita meir om innhaldet i den nye boka mi; Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år, så må du ta deg tid til å lytta gjennom denne podkasten. Her presenterer eg ein del av innhaldet for deg i kortform.

Magne Medhus, ein ven frå oppveksten min i Rosendal, har i ein bokomtale skrive at boka langt på veg er ein sjølvbiografi. Det kan eg vera enig med han i, men ikkje berre det, boka inneheld mangt anna, som eg håpar du som lesar vil lika. Meldaren meiner endåtil at boka faktisk kan bli ei lokalhistorisk oppslagsbok. Eg håpar han får rett i det.

Den litterære reisa mi startar i Skålafjæro i Rosendal, like ved Skaalurens Skibsbyggeri. Det var der vi budde, fem barn og foreldre fram til 1951 då vi flytta til nytt hus på Nes. Tre av oss kom til verda i den kummerlege vesle bustaden på Vang.

Eg har hatt ei lang reise, og det som no ligg framfor meg, er langt på veg ei avskjed med alt eg har fått vore med på. Det er litt vemodig. Men i min alder lar vi ofte tankane fara meir bakover enn framover. Vi tenkjer mest på alt som har vore, det er det som er konkret, og som vi kan setja ord på. Framtida er ukjend, og vi veit ikkje kva som skal koma. Ikkje er det viktig å vita det heller.

Trykk på startknappen ovanfor, og høyr meir om innhaldet i boka.

Du kan òg lesa om boka her.

Forrige
Forrige

O, jul med din glede…!

Neste
Neste

Bom for Sunnfast?