O, jul med din glede…!

Glade ansikt og alkoholfri sjampagne (frå venstre): Otto Blokhus, Aud Sigrun Fausk, Johnny Naustvik (Dimmelsvik Entreprenør) og Roald Teigen.

Torsdag 17. desember 2020 blei ein spesiell dag for Seniorsenteret Husnes, då ein gravemaskin frå Dimmelsvik Entreprenør køyrde inn på tomta for første gang. Oppdraget var å grava hol og undersøkja grunnforholda med tanke på fundamentering av bygget. Bonitering, heiter det på fagspråket.

Betre julegåve kunne prosjektgruppa ikkje få i år, så denne milepælen ei veke før julafta måtte dei sjølvsagt markera med alkoholfri sjampagne. Å sjå ei gravemaskin starta opp på tomta, framkalte nokre gledestårer hjå fleire av dei som såg på.

Sjølve grunn- og betongarbeidet reknar totalentreprenøren, Engelsen Bygg, å koma i gang med i neste månad når grunnforholda er vurdert og arbeidsteikningane er utarbeidde. Dessutan må kommunen gje igangsetjingsløyve.

Prosjektering

Prøvegravinga vart gjort for å finna djupne til fjell, kva type massar det er på tomta og kvaliteten på massane som ligg der. Åsmund Torjussen i Agderplan AS, som prosjekterer grunnarbeidet, reknar ikkje med at dei vil møta nokon spesielle problem når arbeidet kjem i gang for alvor på nyåret. Dette går vegen, seier han.

Elles pågår no målararbeidet i sals- og utstillingslokalet i Storsenteret, og etter planen skal EiendomsMegler1 vera etablert der før jul. Prosjektet går altså sin gang, stort sett etter planen, noko prosjektgruppa gler seg over.

Forrige
Forrige

Ei interessant tidsreise i manns minne

Neste
Neste

Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år: Ein munnleg bokpresentasjon