Ei interessant tidsreise i manns minne

Magne Medhus budde i Rosendal på 1950-talet.

Kristian Hus, 80 år, er forfattaren av boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år». Dette er langt på veg ein sjølvbiografi med interessant dokumentasjon. Saman med fleire tema og det store biletmaterialet, kan boka faktisk bli ei lokalhistorisk oppslagsbok. Forfattaren tek lesaren med på eit tilbakeblikk på lokalsamfunnet i Rosendal og Kvinnherad. Men han byr òg på seg sjølv, med blant anna bilete av den nære familien og slekta elles. 

I første delen av boka tek Kristian lesaren inn i heimen og familien. På ein vàr måte skildrar han barndomsheimen. Når han skriv om sine ulike fasar i livet, som politikar, næringsutviklar og mediamann, er hans sitat presise og faktabaserte. I kritikk av meiningsmotstandarar formulerer han seg kort og tydeleg.

I lokalsamfunnet er Kristian ein kjent person. Han er fødd og oppvaksen i Rosendal, der han hadde eit behov for å kjenne seg fri. I boka skildrar han, på ein tankevekkjande måte, utanforskapet i det klassedelte samfunnet. Han var ikkje aleine om å kjenne det slik. Eg håpar hans tilbakeblikk på oppveksten kan gi trøyst til andre som kjende på noko av det same. Det sosialt lagdelte samfunnet er på ingen måte gått ut av tida, det har berre fått andre uttrykksformer.

Hausten 1952 var Kristian 12 år. Eg hugsar han i eimen frå flytande bly og lukta av trykksverte. Medan Grendamannen sat bøygd over tastaturet, sprang Kristian ærend. Sidan reiser han til Haugesund og får etter fire år fagbrev i boktrykkjarfaget. Då hadde han endeleg det faglege grunnlaget for å gå vidare i avisbranjen.

Men Kristian ville meir enn å vere typograf og journalist. Då ideen om å gje ut eiga avis først var vekt hos den ambisiøse og uredde rosendelingen, var vegen frå tanke til handling kort. I boka fortel han korleis veg blei til i kamp, som gründer av trykkeri og lokalavisa Kvinnheringen.

Kristian dokumenterer detaljert maktkampen rundt sitt engasjement som gründer. Det var ikkje lett, men han er raus i omtalen av sine hjelparar. Korleis motstandarane blir omtalte, kan den interesserte finne i boka. Men det er spennande lesing og nyttig kunnskap for andre som går med gründar-tankar.

Som eigar og tidvis redaktør i lokalavisa har han vist seg uredd og hatt tydelege meiningar, samstundes som han har lete andre røyster kome til i viktige politiske spørsmål. Det gjev boka ekstra verdi når han gir plass til dei som hadde andre meiningar. Det er meiningar dokumentert med bilete og utklipp frå aviser den gongen. Om noko gammalt er feid under teppet, skadar det ikkje om noko av dette på nytt blir diskutert og sett i nytt lys mange år seinare. I storkommunen Kvinnherad frå 1965 var det nok mange meiningsmotstandarar som sleit for sine lokale interesser, og kjende at dei ikkje var høyrde. 

Forfattaren er uredd når han stegvis går tilbake og fortel om si rolle i politikk og næringslivsutvikling. Han dokumenterer med å gjengi det som vart sagt og det som vart trykt. Kristian står tydeleg for det han meinte og gjorde for fleire år sidan.

Eg tykkjer Kristian Hus har skrive ei god bok. Han tek lesaren med på ei spennande tidsreise frå 1940 og fram til i dag. Det er desse åra mange av oss minnes, og kan fortelje om til barn og barnbarn. Kristian sine ulike skimt frå livet sitt, kan gi andre inspirasjon til å skrive og dokumentere si eiga livshistorie. Komande generasjoner kjem til å vere takksam for det. For ofte har eg høyrt folk seie: Eg skulle ha spurt, men kom meg ikkje til det. Det er så mangt eg skulle ønskt svar på no!

Kristian si forteljing kan vere eit forbilde for andre ungdomar, som kjempar for å finne sin plass – og eit yrke. Mange vil kjenne seg igjen i samfunnsutviklinga og hendingane han skriv om. Men dei yngre generasjonane har kanskje berre høyrt deler av dei verkelege hendingane. I denne boka er fleire dramatiske hendingar i lokalsamfunnet dokumentert både med tekst og bilete. Minne som forfattaren meiner ikkje må gløymast.

I føreordet skriv forfattaren: «Eg må berre vedgå det; dei siste åra har eg vore mest oppteken av fortida. Eg ser òg at eg har hatt ei lang reise, og at det som no ligg framfor meg, langt på veg er ei avskjed med alt eg har fått vore med på. På same tid kjenner eg på ei stor glede og takksemd over levd liv, ja, eg er endåtil litt stolt!».

Ja, Kristian har absolutt grunn til å vere stolt over det han har fått til, medrekna boka som er gitt ut på Skimtvis forlag. Den yngste sonen, Kristen Børje, har stått for den grafiske utforminga. Det har han gjort på ein framifrå måte!

Magne Medhus
3530 RØYSE

Forrige
Forrige

Vintersolkverv

Neste
Neste

O, jul med din glede…!