Bom for Sunnfast?

Audun Øvretveit (frå venstre), Rune Røyrvik, Ivar Vaage og Ragnvald Vaage.  (Privat foto).

Det store samferdsleprosjektet Sunnfast, med blant anna ei planlagt bru frå Våge-området på Sunde til Huglo over Husnesfjorden, har skapt stort engasjement i kommunane, og både motstandarar og tilhengjarar har allereie markert seg på ulikt vis. Kva karane på bildet tenkjer om gigant-prosjektet, er ikkje gjort kjent for Skimtvis-redaksjonen, men vi ser ikkje vekk frå at nokon av dei ikkje likar planane.

Denne markeringa er helst av det morosame slaget, men truleg med eit snev av alvor bak. I alle fall vart det i dag sett opp bom for skogsveg-prosjektet Våge/Røyrvik, og straks vart det føreslege at det kunne startast innkreving av førehandsbompengar til Sunnfast, som er planlagt å koma nett der bommen står.

Forrige
Forrige

Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år: Ein munnleg bokpresentasjon

Neste
Neste

Vêrmelding frå Matre