Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Johannes Bondhus ved minnestøtta i Rednedalen. Restar etter taubanen (i bakgrunnen) står enno. Brakkene som blei tekne av raset stod i bratthenget ovanfor.

Lytt til intervjuet her:

Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sine, den yngste var knapt 18 år då raset tok han.

Dagen blir hugsa som ein svært trist og vond dag for alle i det vesle bygdesamfunnet. Verst var det sjølvsagt for dei pårørande, men både arbeidskameratar, anleggsleiing og folk som deltok i redningsarbeidet, var lenge merkt av det som skjedde denne lagnadstunge dagen.

Johannes Bondhus frå Austrepollen arbeidde på Folgefonnanleggene i mange år og hugsar enno godt det som hende denne vonde dagen i 1970. I sommar var han tilbake i Rednedalen og her får du høyra om den tragiske hendinga.

Mange anleggsfolk, bygdefolk og hjelpekorpsfolk gjorde ein stor innsats desse dramatiske døgera, fortel Bondhus. Dette var nok den største enkeltulukka i Kvinnherad i nyare tid, og fire av dei sju var frå Mauranger.

I august for tjue år sidan, og tretti år etter ulukka, vart det avduka ei minnestøtte over dei sju som omkom i raset i 1970, samt fleire andre som omkom ved andre ulukker på anlegget. Dåverande sokneprest Tor Holm sto for avdukinga, og til stades var bygdefolk og tilreisande slektningar av dei som kom bort. Støtta står om lag der den nedre taubanestasjonen sto.

Fire av dei omkomne var frå Kvinnherad:

Karl Johan Bondhus (43)
Geir Bondhus (18)
Øyvind Skoglund (22)
Arthur Sandvik (22)


Denne saka er òg omtala i boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år», i sal i bokhandlarane i Kvinnherad.

Forrige
Forrige

Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år

Neste
Neste

Siderproduksjon i godt lag