Siderproduksjon i godt lag

Ein vennegjeng, for det meste hytteeigarar og nokre fastbuande med hjarta for Fjelberg, har dei siste fire åra kome saman for å produsera sider. Såleis er det blitt til ein sosial tradisjon.

Det heile starta i Nordhusvågen, men produksjonen er no flytta til eit vedhus i Breivika.

På det meste har vennegjengen produsert oppimot 400 liter sider på ein dag, men i år blei det berre om lag 120 liter. Om det skuldast dårleg tilgang på råvarer eller koronasituasjonen, er det ikkje sagt noko om. Men vi får tru at kvaliteten er like god!

Eplene kjem hovudsakleg frå Fjelberg, men somme deltakarar tar òg med seg epler, fortel Frode Sæbø. Han har laga denne videoen frå siste samlinga.

IMG_3538_Original.jpg
IMG_3545_Original.jpg
Forrige
Forrige

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Neste
Neste

Tur til øvre Myrdal