Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år

Plus-Book-8023-2020-10-09.jpg

Eg er blitt godt vaksen og ser attende på alt eg har vore med på, og vitne til, gjennom 80 år i Kvinnherad. 

Kommunen har vore gjennom store endringar sidan eg blei fødd i 1940, og i den seinaste boka mi får du som lesar nokre skimt av det som har skjedd. Kampane om vegar og tunnelar, raset i Mauranger for femti år sidan, ubåtjakta i sunnhordlandsbassenget i 1983 og flystyrt på Halsnøy i 1954 er blant sakene som eg skriv om i boka. Tunnelstriden som splitta Høgre har òg fått plass i boka, like eins den historiske flylandinga på eit lite jorde i Rosendal i 1946. Alt dette og mykje meir, har festa seg i minnet mitt.

I tillegg reflekterer eg over mi eiga historie frå barndomen i Skålafjæro, læretida i Haugesunds Avis, militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avisa Kvinnheringen på Husnes. Eg er òg innom tida som redaktør i Svalbardposten og nærradio i Sunnhordland før eg utforskar andre medium og engasjerer meg i eldrepolitikken i kommunen.  

Slik bind eg saman mitt eige liv til omveltningane i Kvinnherad, og gjennom rikt illustrerte sider gjev eg lesaren skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år.   

Dette er den femte boka sonen min, grafisk designar Kristen Børje og eg har laga i lag, også denne gongen er det blitt ei fin og tiltalande bok, tykkjer eg.

Kristian Hus
Oktober 2020

Boka er trykt i 800 eksemplar og kan kjøpast på bokhandelen i Rosendal og på Husnes.

Du kan også tinga boka i din lokale bokhandel over heile landet. Om du ønskjer å tinga boka på nett, kan du sende oss ein e-post eller nytta skjemaet her, men då kjem porto og moms i tillegg. Bok-pris kr 359,-. Porto kr 100 (+ moms) for eitt eksemplar.

Nedanfor ser du litt av det som er med i boka.

56-57.jpg
44-45.jpg
156-157.jpg
142-143.jpg
Forrige
Forrige

Drukna Kloumann i Opsangervatnet?

Neste
Neste

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970