Drukna Kloumann i Opsangervatnet?

Roald Teigen småsprang over isen frå Teigen (i bakgrunnen) og fram til staden i Opsangervatnet der det vart leita etter Eirik Kloumann.

(AV KRISTIAN HUS) Flykrasjet på Halsnøy for 66 år sidan skaper framleis engasjement hjå mange, både i Kvinnherad og utanom kommunen. Størst merksemd får kadetten Eirik Kloumann, ein av dei to som var om bord i flyet. Han vart aldri funnen, trass i ein omfattande leiteaksjon over eit stort område.

Mange observerte flyet på ferda gjennom Kvinnherad, frå Rosendal og utover.

Den dag i dag er det mange som spekulerer på kvar han vart av etter at han hoppa ut i fallskjerm frå 6000 fots høgde. Piloten, Trygve Bjørn Jørgensen, hoppa ut tre minuttar seinare og landa uskadd i eit tre på Fjelland.

Roald Teigen er ein av dei mange som har kommentert saka på Facebook siste dagane. Han funderer enno på om Kloumann fór gjennom isen på Opsangervatnet.

– Det var is på vatnet på denne tida i 1954, og i ei vik mellom Langneset og Torboneset tvers av Teigen, vart det oppdaga eit hol, ei slags «rose» i isen, fortel no 80 år gamle Roald. Han var 14 år gammal den gongen. Etter det han minnest i dag såg det ut som om det hadde kome noko ovanfrå og gått rett gjennom isen, og dermed blei det sett i gang undersøkjing.

Arne Terje Haugland frå Uskedalen, ein av mange som observerte flyet.

Tørres Opsanger, søskenbarnet til Roald, og Malvin Kolaas, laga nye hol i isen og brukte vasskikkert for å sjå om Kloumann låg der, utan å finna noko. På staden er det kring åtte meters djupne. 

Utanom dette, var 14-åringen Roald med og leita både i Teigalia og i Valelia i lag med mange andre dagane etter hendinga.

Observert i Rosendal

Den første kjende observasjonen av flyet her i Kvinnherad vart gjort av Bjarne Klette i Rosendal. Han var 16 år då det vesle militære treningsflyet kom over Skålafjellet med kurs utover fjorden.

– Eg såg dei blinkande lysa og høyrde motorduren, kommenterer Klette flyturen, som enda så tragisk denne laurdagskvelden i 1954.

Ein annan ung gut på den tida, Gunnar Mehl, seier dette om hendinga:

– Dette er mitt eldste minne. Den kvelden var eg ute i lag med far min. Vi var rett ovanfor snuplassen på Kletta då vi høyrde lyden av flyet, og snakka om at den var så rar. Vi såg òg svake ljos av eit fly. Neste dag høyrde vi om hendinga.

Lenger ute i kommunen, i Uskedalen, observerte den då 11 år gamle Arne Terje Haugland flyet rett over Halsatoppen. Han og nokre kameratar såg lysa og la også merke til ein ujevn lyd frå motoren.

– Vi var ein gjeng, som gjekk på skeiser på ein islagt bakke hjå Pål Haugland då flyet kom utover, men fekk ikkje vita kva som hadde hendt før dagen etterpå. Då kom det på nyhetene i radioen.

Men det var dans i Helgheim, minnest Arne Terje, og der hadde lensmannen kome og stansa arrangementet. Han trong hjelp til leiteaksjonen som vart sett i gang utover kvelden og natta.

Eit anna spesielt minne har også festa seg hjå den no 77 år gamle Arne Terje Haugland: Ein kar som var med og leita var sjølv uheldig og kom på gli nedover Englafjell, og vart skada. Han blei henta med helikopter og flydd til sjukehus.

Stor oppstandelse

I Røyrvikjo på Sunde var det stor oppstandelse ei tid etter ulukka, fortel Lars Jostein Rørvik på Facebook. Bestefar hans hadde funne ein frakke, og det gjekk rykte om at det var ei flaske i ei av lommene.

– Vi ungane gjekk i skrekkblanda fryd og venta på at lensmannen skulle koma og henta frakken.

Magne Ivarsøy fortel at det var fest i Friheim om kvelden. I nitida kom Gustav Totland inn og bad om ordet, og fortalte at eit fly var styrta og at alle måtte ut for å delta i søkjet etter den sakna fykaren. Gustav Rørvik organiserte leitemannskapa i grupper, som gjekk manngard. Magne var med i ei gruppe på om lag 15 mann, som gjekk i skogen frå Røyrvik og vestover i Bjellandsmarka. Etter som gruppa kom frå festen i Friheim var karane naturleg nok i godt humør. Vi gjekk i fleire timar, men fann ikkje noko.

Mange rykte

Astrid Tofte Helland vart 14 år den hausten og hugsar hendinga svært godt. Heile ettervinteren og utover våren vart det leita mykje både i skog og fjell og det vart sokna både i sjøen og i ymse vatn, fortel ho.

– Eg hugsar at nokon lånte ein hane hjå besteforeldra mine og tok han med i ein båt og rodde att og fram på Opsangervatnet. Etter gammal overtru trudde mange at dersom det var eit lik i vatnet, så ville hanen gala. Og hanen gol, han, heile tida – han var jo vitskræmd, kan du vita.

Elles fortel Astrid at det byrja å gå mange rykte etter flykrasjet. Det eine ryktet var at det berre hadde vore ein fallskjerm i flyet og at dei to kadettane om bord hadde krangla om kven av dei som skulle bruka han, og at Kloumann hadde vorte skubba ut – utan fallskjerm.

Totalhavarerte

I heftet Fly brukt av det norske Luftforsvaret kan ein lesa følgjande om det aktuelle flyet:

«…Totalhavarerte. Kadettene Trygve Bjørn Jørgensen og Eirik Kloumann startet fra Fornebu med Harvard M-BE på en øvelsesflyging til Værnes. Jørgensen var fører av flyet. Da de ikke fant frem til Værnes, bestemte de seg for a returnere til Fornebu. Imidlertid var flyet kommet lenger vest enn beregnet og flygeren fikk først kontakt med Sola. Før de rakk frem dit tok bensinen slutt og de to om bord valgte å hoppe ut. Kloumann hoppet først fra ca 7200 ft. Etter ytterligere 3 minutter hoppet Jørgensen, som landet uskadd på Halsnøy i Hordaland. Flyet gikk i bakken i en skoghelling ca 1 km øst for Arnevik på Halsnøy øst for Stord. Kloumann har trolig havnet i sjøen og ble ikke funnet. Flyet tilhørte Komm.vingen på Fornebu….»

Vrakdelane etter flyet låg ei tid hjå ein privatmann i Arnavik, men vart seinare sendt til Flyhistorisk Museum Sola. Etter ei tid på lageret der vart det som var att kasta, etter som det var i ekstremt dårleg stand.

Det var eit slikt fly som krasja på Halsnøy i 1954. (Foto: Geir Helge Landa)

Forrige
Forrige

Vêrmelding frå Matre

Neste
Neste

Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år