Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske
– Det var litt spennande for oss, for noko slikt hadde vi aldri vore med på før, fortel Frode Sæbø. (Foto: Kristen Børje Hus)
Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var med på.
Høyr podcast her:
Dei fiska godt det året, kan Frode hugsa. Men denne dagen i 1972 var det noko heilt anna enn fiske mannskapet på «Fjelldur» tenkte på.
– Det var litt spennande for oss, kan du vita, for noko slikt hadde vi aldri vore med på før, fortel Frode i dette lyd-intervjuet. Dessutan gjorde alt eit sterkt inntrykk, spesielt på oss ungdommane, eg var jo berre 16 år den gongen. Trist var det også, men eg meiner det var rett det som vart gjort, seier Frode Sæbø i dag.
Ikkje noko anna val
Sauene på Aske var i så dårleg forfatning at dyrevernet ikkje hadde noko anna val enn å gripa inn.
Men for Tjerand vart det ein tung dag, til liks med det som skjedde 14 år tidlegare, i 1958. Skilnaden var at det denne gongen ikkje hadde vore noko opprivande sak i rettssystemet. Dyrevernnemnda åleine hadde bestemt at sauene skulle takast, og ba lensmannen om hjelp til gjennomføring av vedtaket.
Det var alminneleg kjent at det ikkje stod så bra til med sauene til Tjerand, fortel Frode. Dei blei rett og slett vanskjøtta på grunn av fôrmangel.
– Utifrå eit dyrevernomsyn var det heilt sikkert rett det som vart gjort den gongen, seier Frode Sæbø. Tjerand hadde mista kontrollen over situasjonen, og problema hadde vokse han over hovudet. Det var sjølvsagt trist, men heilt nødvendig når vi såg korleis dyra hadde det.
Kjøp boka om Tjerand Aske som PDF her:
Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider – både på godt og vondt.
Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.
Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.
Dette er Kristian Hus si tredje bok, som kom i 2018 i 500 eksemplar. Den fysiske boka er utseld, men no er ho tilgjengeleg digitalt. Boka blir levert som nedlastbar PDF.