Aslaug Eik: Ser positivt på livet

Lyd

Aslaug likar å bla i albumar og mimra over livet som har vore, men ser også framover mot betre tider. Slutten får koma når han kjem, eg kan ikkje gå rundt å tenkja på det kvar dag sjølv om eg er i mitt 92. år, seier ho.

Høyr intervjuet med Aslaug her:

På slutten av intervjuet les ho eit av dikta sine; «Vårteikn».

Det er godt å bu i ein lettstelt leilighet når ein kjem opp i åra, seier Aslaug.

– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev henne ei kjensle av å vera eit levande menneske, og viser at hovudet enno fungerer, legg ho til.

Etter mange år på garden i Omvikdalen, har ikkje 91-åringen problem med å stella og koka i sitt eige kjøken.

– Fastlegen og fysioterapeuten min seier også at det går fort framover med meg no, ikkje nedover, slik ein skulle tru i min alder, humrar Aslaug. Siste året har ho vore på operasjonsbordet to gonger både på Stord og i Haugesund etter eit stygt lårbeinsbrot. Rundt årsskiftet fekk ho i tillegg ein betennelse, som også sette henne fysisk tilbake for ei tid. Men det er eit tilbakelagt stadium, og Aslaug ser no berre positivt på alt.

Ho er fødd og oppvoksen på ein alminneleg vestlandsgard i Breim i Nordfjord saman med åtte søsken. Fem av dei lever enno. Faren hadde lærarjobb utanom garsdrifta, så det var mora som var bjerebjelken i heimen, så å seia. Når Aslaug i dag ser attende på barne- og ungdomsåra er det berre gode minne ho fortel om. Alle ungane blei fødde i heimen, og der kom dei òg tett på døden, slik det har vore i generasjonar rundt om på gardane. Folk på landsbygda hadde ikkje nokon aldersheim å flytta til den gongen.

Tidleg i arbeid

Aslaug er ikkje i tvil om at ein av grunnane til at ho er blitt over nitti år, og har ei relativt god helse, er at ungane måtte læra seg å arbeida frå dei var ganske små. Ho hugsar til dømes enno godt då dei gjekk til støls for å mjølka kyrne om somrane; to timar opp og halvannan time ned att. Det gav dei ei god helse til å byggja vidare på.

Eigentleg var det lærar Aslaug ville bli, noko ho var fast bestemt på allereie i 14-årsalderen. Men så kom krigen og i 1942 sette okkupasjonsmakta strenge krav til dei som tenkte i dei banar. Så i staden vart det fire år på landsgymnaset. Etter det kunne ho likevel velja og vraka i jobbar i småskulen.

Så ein dag kom det ein nytilsett heradsagronom frå Kvinnherad til Breim; Olav Eik frå Omvikdalen, og det gjekk ikkje lang tid før han fekk auge på Aslaug. Det blei kjærleik ved første blikk, så å seia, og seinare blei det dei to. Det skulle bli eit 55 års langt ekteskap.

Olav var odelsgut til garden Myklebust i Omvikdalen, og då han etter fem år i Breim blei tilsett som heradsagronom i Kvinnherad, sa dei takk for seg i Nordfjord. Då var sonen Tore blitt to år. Olav arbeidde i Rosendal, medan Aslaug vart lærarvikar i Uskedalen første halve året.

Eit blodslit

– Det var eit blodslit å driva garden på Myklebust, og ein tung plass å vera på dei første åra, minnest Aslaug. Ho hadde ansvaret for mat og stell for huslyden, medrekna besteforeldre og ei eldre tante frå Amerika. Sjeldan var dei færre enn ti menneske til bords.

Men trass i slitet med gardsdrifta var Omvikdalen ei god bygd å bu og leva i. Aslaug kom med i helselaget den første tida, seinare i bondekvinnelaget og i helselaget. I dag er det Omvikdalen bygdekvinnelag, med over hundre medlemmer, som samlar både bondekoner og andre i bygda på ein god måte. Etter Aslaug Eik si meining er det eit av dei best drivne laga i heile fylket.

I 2002 flytte Aslaug og Olav til ein lettstelt leilighet i Skålagato i Rosendal. Månadene før hadde dei opplevd ein dramatisk situasjon etter lynnedslag i det gamle huset dei budde i på garden. Hendinga kunne lett ha teke menneskeliv, men det vart med skrekken.

– Kva råd vil du gi til eldre menneske som bur heime åleine?

– Først av alt må ein ha eit godt nettverk og i tillegg prøva å vera mest mogleg aktiv – så langt ein kan utifrå sin eigen helsesituasjon. Har ein ikkje dette når ein blir gammal, er det straks verre. Då kan livet bli stusseleg og tungt, seier Aslaug Eik. Sjølv har ho både eit godt nettverk og ein god familie rundt seg.

Når ho berre får trent seg litt meir opp etter dei to lårhals-operasjonane i fjor, tar ho sikte på å kunna gå på handel i Rosendal igjen.

Jo, Aslaug ser sanneleg lyst på framtida. Og i juli blir ho 92 år.

Forrige
Forrige

Planlegg bok om doktor Haugen

Neste
Neste

Og så er jola over...