Kyrkjegardsboka er klar

Frå den gamle kyrkjegarden på Kaldestad. (Foto: Morten Nygård)

Boka «Kjært er minnet – Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad» er no i sal. 

Boka er første band av to, som vil presentera små og store soger frå alle kyrkjegardane i Kvinnherad. I denne første boka har journalist og forfattar Morten Nygård vitja kyrkjegardane på Ænes, Rosendal, Uskedalen, Ølve, Valen Asyl, Valen gamle, Holmedal gamle, Varaldsøy gamle, Kaldestad, samt koleragravplassane på Hamarhaug, Svortevik og Toftehagen.

Boka tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei mange tusen som ligg gravlagde der. Her kan lesarane bli litt meir kjende med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folk som ofra alt for landet sin fridom. 

«Kjært er minnet» er basert på artikkelserien som stod på trykk i Grenda vinteren, våren og sommaren 2018, men dei ulike kapitla er til dels monaleg utvida. Boka er på 270 rikt illustrerte sider. 

Bok nummer 2, som tek for seg resten av kyrkjegardane, samt ein god del anna relatert og historisk stoff, har ikkje fått nokon utgjevingsdato enno. Planen var opphavleg å lansera ho til hausten, men det er mogleg tida blir for knapp til det. Alternativet er februar/mars 2020. 

Morten Nygård har gjeve ut ei praktbok, og har planar om ei til med same tema. (Foto: Kristian Hus)

«Kjært er minnet» er den andre boka Morten Nygård har skrive. Han har tidlegare gitt ut «Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness 1865 – 1944» i 2006. 


«Kjært er minnet» er i sal hjå:

*  Rosendal Bokhandel

*  Kvinnherad Libris, Husnes

*  Spar Uskedalen

*  Joker Ølve

*  Grenda

Ord, BøkerKristian Hus