Opplevde solnedgangen frå 5000 fot
Å sjå Kvinnherad frå lufta kan ofte vera ei magisk oppleving, noko dette bildet er eit døme på. Det er teke i om lag 5000 fots høgde over Sandvika utanfor Dimmelsvik mot Ljosnes og Skorpelandet. Og ute i havet bak Tysnes er sola på veg ned.
Frode Leikvoll er pilot på mikroflyet, og har teke bildet. Wenke Skudal er passasjer og ho karakteriserer turen som «digg» på Facebook.