Prosjektkoordinator frå Uskedalen

Ord

– Kom og ver med og delta i arbeidet for å gjera kommunen og bygda di meir attraktiv, oppmodar Kristine Røyrvik. (Foto: Kristian Bringedal).

Kristine Røyrvik, med oppvekst og slekt i Uskedalen, er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho har vore primus motor bak Kvinnheradkonferansen denne veka, med nettverk og samhald som tema. 

Kristine voks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Familien med mor og far, Randi og Svein, flytta til Husnes i 1991.

I samtale med nettstaden uskedalen.no framhevar ho bakgrunnen sin frå Uskedalen med oldemor, bestemor og tanta si, som alle var handelsfolk og dreiv butikken Jacobine Haugland Eft.

Oldemora Jacobine starta manufaktur- og moteforretning, handel og kafe i 1927. Bestemora Jenny (Mollo) heldt fram drifta og tanta hennar, Solveig, fører tradisjonen vidare.

Tradisjon

Kristine er bevisst på at ho er ein del av denne tradisjonen då ho valde å ta utdanning innan marknadsføring og relasjonsleiing. Etter tre år på Oslo Markedshøgskule hadde ho arbeidet sitt i Oslo og i Bergen. Etter det var ho fire år i Kapal-kjeden, som prosjektleiar med ansvar for nyopningar og ombyggingar av butikklokale i heile landet.

Med si utdanning og erfaring innan organisasjon og leiing, bed ho oss tenkja stort og vera budde på nye strukturar og kjappe endringar i tida. Kristine vil vera med i arbeidet for å leggja til rettes for nye næringar i Kvinnherad. Det er snakk om vekst og utvikling i ei tid med sterk Hydro-utbygging. Ho oppmodar alle, bygdelag, einskildpersonar og verksemder, om å vera med i denne utviklinga. 

– Dersom du brenn for noko, kom og ver med og delta i arbeidet for å gjera kommunen og bygda di meir attraktiv, oppmodar Kristine Røyrvik.

 Om lag 80 bedrifter er med i Kvinnherad Næringsservice.

 Etter at Kvinnheradkonferansen er avslutta spør vi oss: Kva blir den neste store samlinga i Kvinnherad der vi møter den blide og engasjerte Kristine Røyrvik?

Av Kristian Bringedal (tekst og foto)
uskedalen.no

Forrige
Forrige

Debatt med bismak

Neste
Neste

Opplevde solnedgangen frå 5000 fot