Bok om kyrkjegardane i Kvinnherad

Ei ny og vakker bok fra Morten Nygård er klar for sal. Grenda AS er utgjevar. (Pressefoto).

Band 2, med små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad er klar for sal. Her kan ein mellom anna lesa om kyrkjegardane på Husnes, Hatlestrand og Halsnøy, samt om ei vandring på den gamle kyrkjevegen på Varaldsøy. 

Morten Nygård har skrive to bøker om kykjegardane, og har planar om endå ei utgåve til neste år. (Pressefoto).

Band 1, som kom i fjor, tok for seg 12 av kyrkjegardane i Kvinnherad. No er forfattar Morten Nygård klar med den andre boka. Ho inneheld artiklar om desse kyrkjegardane: Åkra, Valen nye, Husnes, Hatlestrand, Halsnøy, Utåker, Fjelberg og Varaldsøy nye.

Varaldsøy vert ekstra grundig presentert, for det kapittelet byr også på to synfaringar på den gamle kyrkjevegen frå Fjellgardane; i 2019 og i 1955.

Boka fortel elles om kyrkjekontoret på Valen. Det er også ein artikkel om gravferda til Magnhild Sundfjord, den fyrste etter at koronaen påverka heile samfunnet.

«Elska og sakna», som er tittelen på boka, tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei mange tusen som ligg gravlagde der. Her kan du bli litt meir kjend med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folk som ofra alt for landet sin fridom.

– Før arbeidet med dette prosjektet starta, hadde eg aldri høyrt om Sigurd Åkra, Knut Teigen, Magda Rørvik, Lars J. Hjortås, Marta Magdalene Særsten, Signe Holmedal, Ole Simonsen Arnevik eller Guro Våge, skriv Morten Nygård i føreordet. No har han i alle fall blitt litt meir kjend med dei, noko han er svært takksam for. Forfattaren håpar at også lesarane vil setja pris på å læra om desse personane, og alle dei andre som er trekte fram i tekstane.

I band 1 og 2 er alle dei 20 eksisterande og synlege kyrkjegardane i Kvinnherad omtala. Men Nygård har også skrive om dei historiske kyrkjegardane, mellom anna den ved Halsnøy kloster. Dette stoffet skal samlast i band 3, som etter planen skal koma ut i februar/mars 2021.

(Pressemelding 18.06.20)

Forrige
Forrige

Tur til øvre Myrdal

Neste
Neste

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske