Om kommunalt arbeidsgjevaransvar

(Foto: Kvinnheringen)

01.11.21: Det er positivt at kommunestyret av og til blir minna på arbeidsgjevaransvaret sitt, slik Hege Lægreid Røssland (SF) gjorde i siste møte. Men det må ikkje innebera at politikarane slår ring om etatar og tilsette til ei kvar tid, og «vernar» dei i alt og eitt.

Ein arbeidsgjevar, i dette tilfellet Kvinnherad kommunestyre, har like mykje plikt på seg til å ta tak i kritikk og innspel som måtte koma frå innbyggjarane i ulike saker. Når folk går til avisene med klagene sine, er det ofte eit teikn på at dei ikkje blir høyrde på annan måte. Min påstand er at det finst potensiale for forbetringar i alle organisasjonar.

Men det er òg viktig at vi som innbyggjarar ikkje byggjer opp om byråkrati- og politikarforakt, ja, endåtil misnøye når vi deltek i offentleg debatt. Dessverre har vi sett nokre døme på det.

Elles takk til Kvinnheringen og Grenda for godt arbeid! Kritikken frå talarstolen i kommunestyret 28.10.21. må de berre sjå vekk frå. Avisene har berre gjort jobben sin, og det trur eg dei fleste politikarane også ser.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Neste
Neste

Bok om entreprenøren Gunnar Røsseland og familieverksemda