Soldat frå Sunde omkom i flystyrt
Av Lars Jostein Rørvik
På kyrkjegarden på Husnes, rett aust for kyrkja, ligg ei grav som skil seg ut frå dei andre. Ikkje fordi ho er eit stort og prangande monument. Nei, det er innskrifta på steinen som er annleis enn dei andre. Den syner at her ligg ein mann med ei spesiell historie. Kanskje ikkje like interssant for ein utanforståande, men Johannes S. Rørvik var trulova med tanta mi, Magda Rørvik. Han var også frå nabogarden og vaks opp i lag med far min. Det stod alltid bilete av han på heidersplassen i stova til tante, oftast med friske blomar ved sida.
Det har ikkje vore så mykje snakk om denne tragiske hendinga ein av dei siste dagane av verdskrigen 1940 – 1945. Vi visste at han hadde omkome i ein flystyrt på Orknøyane, men detaljane omkring har det aldri vore snakka om. Det fanst brev frå ein kollega, som hadde vore med på same operasjonane, og anna dokumentasjon frå overordna om seremoniane ved gravferda i England. Fire år seinare vart kista (av sink) frakta til Norge og Johannes vart gravlagd på Husnes. Det amerikanske flagget, som omkransa kista, var lenge i Magda si eige, og no har eg teke vare på det.
Namnet til Johannes står på ei minneplate saman med 115 andre falne O.S.S.-soldatar, deriblant 12 nordmenn, ved CIA sitt hovudkvarter i Washington. Grunnen er at han var med i O.S.S. (Office of Strategic Services), ein organisasjon som blant anna dreiv med operasjonar bak tyske linjer i siste delen av krigen. Denne organisasjonen var delt i ulike grupperingar. Johannes var med i Operational Groups (OG), som var forløparen til det som seinare vart CIA.
Det var først i 2007 eg fatta interesse for denne historia. Då ringde ein slektning av ein av dei andre omkomne i flystyrten og spurde om eg kjende namnet Johannes S. Rørvik. Mannen hadde sett namnet mitt på internett i forbindelse med ein slektsgranskarklubb, og ante ikkje at han nærast trefte blink. Sidan den tid har vi utveksla informasjon. Det finst ein veteranklubb som heiter O.S.S. Society, som gir ut eit skrift nokre gonger i året, og som arrangerer veterantreff. Det er også folk som arbeider med å samla opplysningar om flystyrten på Orknøyane 31. mars 1945, og biografisk materiale om dei som var med.
Johannes vart fødd 22. april 1909. Saman med fleire søsken vaks han opp i Rørvik på Sunde. Kva eigenskapar hadde han, som gjorde han skikka til ei slik teneste? Det vert fortalt at han hadde god fysikk og kunne gå på hendene lange strekningar. Dessutan hadde han godt humør, var sosial og likte seg i godt lag med vener.
I «dei harde trettiåra» måtte ein tidleg læra å ta vare på seg sjølv. Johannes reiste til USA i oktober 1939. Broren Lars hadde reist tidlegare. Han var mannskap på luksusbåtar på kysten av Sør-Amerika. Johannes fekk hyre om bord i lag med broren.
Til teneste i 99th Infantry Battalion
Alt tidleg i krigen såg amerikanarane at det var bruk for spesielle einingar med lokal språkleg og kulturell bakgrunn til operasjonar i okkuperte område i Europa og Asia. Språkkunnskapar for området ein skulle inn i var svært viktige, for at ein ikkje skulle skilja seg ut frå resten av lokalbefolkninga.
10. juli 1942 vart 99th Infantry Battalion (Seperate) registrert. Det vart sendt forespørsel gjennom hæren etter soldatar av norsk hærkomst. Ein var òg på jakt etter nordmenn som hadde kome til USA under krigen, sjøfolk som var gått i land, eller norsktalande som hadde busett seg i landet. Ein føresetnad var at dei hadde amerikansk statsborgarskap eller hadde søkt om dette.
Camp Ripley i Minnesota vart første øvingsstaden. Det var naturleg, sidan mange av soldatane kom frå Minnesota og Dakota. Om lag 900 friviljuge melde seg snart. Offiserane var norsk-amerikanarar til ein hadde fått utdanna norske offiserar. Fysisk trening og øving i andre ferdigheter gjekk bra heilt til leiren vart overraska av eit veldig snøfall midt i september. Alle telta kollapsa under den tunge snøen, så heile bataljonen måtte flyttast til Ft. Snelling.
12. oktober vart Johannes innrullert i Batallion 99 ved Ft. Snelling. 17. desember blei dei overført til Camp Hale i Colorado. Her møtte dei tøffe forhold med to meter høg snø. Det blei mykje skitrening og overlevingstrening i tøffe vintertilhøve.
Johannes hadde vore kokk til sjøs, og dette faget heldt han fram med i Batallion 99. Treninga i Colorado varde til sommaren 1943.
Nye utfordringar
USA hadde ikkje hatt noko strukturert etteretning før krigen. Etteretning hadde versert i ulike departement utan noko heilskapleg organisering. President Roosevelt gav William J. Donovan, ein veteran frå første verdskrigen, ansvaret for å laga ein plan for effektiv etteretning. I juni 1942 blei O.S.S. (Office of Strategic Services) etablert.
Sjølv om Donovan var republikanar var han og president Roosevelt gode vener. Presidenten hadde brukt han til ulike etteretningsoppdrag i mellomkrigstida. Han var i Etiopia, i Spania under borgarkrigen, i England i 1940 og i Midt-Austen i 1941. Før det hadde han stilt til val som guvernør i New York utan å lukkast.
Dette skulle bli leiaren for organisasjonen som Johannes og fleire andre nordmenn blei ein del av resten av krigen. Om dei nokon gong møttest har eg ikkje klart å få greie på. Det står ein statue av Donovan ved sida av minneplata med Johannes sitt namn i Washington.
3. juni 1943 melder Johannes seg til teneste i O.S.S. Hovudkvarteret ligg i ein nærast falleferdig bygning «downtown» i Washington. Her må kandidatane gjennom strenge personleghetstestar. Det blir også undersøkt på heimstadane til soldatane om dei er skikka til den spesielle tenesta.
Dei blir nøye informerte om farane ved den tenesta dei skal inn i. Johannes kjem gjennom nålauga, men det er mange som ikkje klarte dei strenge testane. No vart det også slutt med kokkejobben.
Johannes vert sprengningsekspert. Jobben er å planleggja rett mengde sprengstoff til dei ulike aksjonane. Det vert fortalt at han var ein meister i dette faget.
Arbeidet med dynamitten er ikkje noko helsesam operasjon. Nitroglyserinen blir forma med hendene, så hovudpine er ein plagsom biverknad av dette arbeidet.
Dei ferske O.S.S.-agentane blir overførte til «The congressional Country Club» utanfor Washington. Dette hadde vore ein fristad for kongressmedlemer før krigen. No vert dei staselege lokala brukte til kontor og undervisningslokale.
Lange øvingsdagar
Soldatane bur i 8-mannstelt i området rundt hovudhuset. Dette vert kalla «Area F». Omgangstonen er svært uformell, og lite militær. Kleskoden er også nokså lausleg, så ein skil lite på militær rang.
Fysisk trening innleiar lange øvingsdagar på opp mot 12 timar. Skytetrening, nærkamp, bruk av kart og kompass og andre militære disiplinar fyller dagane. Her er soldatar frå Italia, Norge, Frankrike, Hellas og Tyskland.
Johannes får den militære graden T-5 (Technician Fifth Grade). Offisielt har ikkje ein T-5 autoritet til å gi ordrar, men i kamp kan han opptre som nestkommanderande. Ein T-5 blei løna som korporal. Dette var militære gradar oppretta i 1942 og fjerna att i 1948.
I desember går turen over Atlanterhavet til England. Gruppa som Johannes er med i reiser vidare til Skottland for å driva vinterøvingar der. Gruppa som består av 58 menige og offiserar skal førebu seg på oppdrag i Norge.
Dei amerikanske kokkane har ikkje lært seg å laga norsk tradisjonsmat, så no finn Johannes ut at han skal praktisera kokkekunstane sine igjen. Det blir lefse og potetkaker på julebordet. Ved sosiale samkomer diskar han opp med dei finaste smørbrødfat. Dette er eit populært innslag blant både medsoldatar og gjester.
Til Frankrike med «Persey Pink»
Det er ikkje aktuelt å gjennomføra operasjonar i Norge vinteren og våren 1944. Dei norske soldatane i NORSO-gruppa er no topptrente, og kan brukast i sabotasjeaksjonar bak tyske linjer. Våren 1944 blir dei difor flytta til Brockhall i Northamptonshire for å førebu aksjonar i Frankrike. Det blir danna såkalla «UK to France groups». Dei er i storleik 13 – 70 mann. Johannes blir med i ei av dei minste gruppene, kalla Percey Pink. Leiar i gruppa er franskmannen T. A. Lagare. Ni av soldatane er norske.
11. august 1944 forlet fire fly England med kurs for Frankrike. Gruppa skal samarbeida med motstandsrørsla i sabotasjeoppdrag mot tyske styrkar i Dordogne-området. Klokka 02 om natta hoppar dei ut frå det ombygde bombeflyet gjennom ei spesiallaga luke i botnen. Radioutstyret blir øydelagt under landinga, så kontakten med hovudkvarteret i London må formidlast via motstandsrørsla.
Gruppa gjennomfører nokre sabotasjeaksjonar mot tyske drivstofflager. Tyskarane er på retrett i området, og gruppa er berre i små samanstøytar med tyske troppar før dei når Bordeaux 24. august. Dei følgjande dagane er ikkje motstandsrørsla i stand til å organisera oppdrag for gruppa, så Lt. Lagare får ordre om å returnera til England. Returen går den lange vegen om Tolouse, Marseille, Casablanca før dei er tilbake i London 10. oktober.
Førebuing til oppdrag i Norge
No blir nordmennene atter samla i Brockhall nær Blackburn. Dette er ein leir der ein trenar kommandosoldatar. Her held ein fram med militær trening «på engelsk vis». William Colby får ansvaret for om lag 50 norske soldatar som skal førebu seg på sabotasjeoppdrag i Norge. Han har erfaring som leiar for grupper som har vore bak tyske linjer i Frankrike. Gruppa han skal leia vert kalla NORSO. Denne vert delt i to. NORSO I, med Colby som leiar skal først sleppast over norsk område. Den andre vert leia av Lt. Roger Hall, og skal vera suppleringsstyrke.
Frå 24. januar 1944 har O.S.S. formelt vore ein del av etteretningsarbeidet i Norge i nært samarbeid med Forsvarets overkommando. Det blir bestemt at ein skal sprengja jernbanelinja som går gjennom Trøndelag. Meir enn 150.000 tyske soldatar er på retrett frå Nord-Norge, og det er viktig å hindra at desse kjem sørover for å forsterka tyske forsvarslinjer i Europa.
Sjøvegen er kontrollert av allierte marinestyrkar, og vegane er mest uframkomelege på grunn av store snømengder. Tyskarane set derfor inn alt disponibelt materiell på jernbanen for å auka kapasiteten på troppeforflyttinga.
Operasjon Rype
24. mars lettar Colby med åtte B24-fly saman med 33 NORSO-agentar. Han har sjølv skrive ein detaljert beskrivelse om denne operasjonen, som seinare er frigitt av CIA. Ikkje alt går som det skal. Eit fly kjem ut av kurs, og slepper mannskap og last inne på svensk område. Berre fire av flya lukkast i å sleppa mannskap og last på rett stad. Dei 20 som landar på Gjevsjøen brukar dei neste dagane til å leita etter og samla saman utstyret. Mykje av det ligg djupt i snøen og er vanskeleg å finna. Dei har hjelp av norske motstandsfolk, som først har tent markeringslys på droppstaden. Dei norske er ikkje så nøye med å svara korrekt på det avtalte passordet i møte med Colby og mannskapet hans, så det er på nippet til at det kjem til kamp.
Gruppa etablerer seg på eit avsidesliggjande gardsbruk saman med fire norske motstandsfolk under leiing av Herbert Helgesen. Dei som bur på garden må røma til Sverige. Det finst tidlegare bønder blant agentane, så det vert fortalt at enkelte tok seg av dyrestellet med stor glede.
Det blir snart klart at gruppa er for liten til å gjennomføra den planlagde operasjonen. Suppleringsstyrken, som ventar i England, gjer seg difor klare. Og 30. mars står seks B24-fly klare på flystripa og ventar på dei norske agentane. Dette er hemmelege oppdrag, så dei blir frakta i store amerikanske bilar med sota ruter til spesielle «klehus». Her får dei på seg hoppdressen og nødvendig utstyr før dei blir kjørte ut til flyet.
Johannes og 15 andre norske agentar forlet Harrington flyplass nær Blackburn på veg mot Norge. Flya, kalla «Carpetbaggers», var ombygde bombefly til bruk for å frakta agentar bak tyske linjer i sabotasjeaksjonar. Dei hadde ei spesiell luke i botnen av flyet der agentane skulle hoppa ut. Dette var litt spesielt, så alle som skulle delta i slike operasjonar måtte gjennom spesialtrening i tillegg til vanleg teknikk for hopping.
Ein kald marskveld
Johannes sitt fly har eit mannskap på sju i tillegg til dei seks nordmennene. Nordmennene er: Trygve Berge, Eddi Søndenå, Leif Meland, Leif Ottersland, Johannes S. Rørvik og Edvard E. Kjellnes.
Pilot er Henry Polansky frå Kansas, med co-pilot Peter C. Pulrang frå Montreål i Canada. Målet er Gjevsjøen nord for Trondheim. Her har William Colby saman med 20 mann landa ei veke tidlegare. For å vera i stand til å sprengja Grana bru, har han bruk for nokre fleire dyktige sabotørar. Det er altså svært viktig at dette toktet lukkast.
Flyet mellomlandar på Kindloss flyplass i Skottland for å fylla drivstoff. Det er ein kald marskveld med temperatur under null. Minst halve turen går over skydekket. Polansky og Pulrang håpar på ein opning, slik at ein kan gå ned til varmare luft. Det er alt for risikabelt å prøva på dette i fjellområda over Norge og det syner seg snart at dette ikkje er mogleg å få til. I desse vêrtilhøva er det også umogleg å finna staden der dei norske agentane skal sleppast. Det skal visa seg at dei har vore maks uheldige med vêrtilhøva. Berre ei lita stund før dei er over Gjevsjøen hadde vêret vore brukande. Colby og styrken hans kan høyra duren av flya som passerer. Polansky må ta den tunge avgjerda om å venda tilbake til basen i England.
Første indikasjonen på problem melder seg snart. Ein misser motorkraft på motor 3 og 4 på grunn av ising i drivstofftilførselen. Dette blir mellombels løyst med hjelp frå integrerte pumpesystem. Berre ein halv time seinare stansar også motor 4, og det er umogleg å få starta han att. Dei prøver no å overføra drivstoff frå motor 2 sin hovudtank. Sjølv om alle instrument viser rette verdiar, er det ingen tegn på at denne operasjonen har lukkast.
Det er ingen annan utveg enn å gjera flyet lettare ved å kasta ut våpen, ammunisjon og anna utstyr. Alle berekningar tyder på at ein no er nær basen i Skottland, og at det skal vera mogleg å få radiokontakt. Forsøk på dette lukkast ikkje. Det skal visa seg at motvind og ising har ført til at ein er lengre nord enn det som er rekna ut.
Ordre om å forlata flyet blir no ropt opp tre gonger. Flyet er så lågt som 300 meter over bakken, og det hastar med å koma seg ut. Det er mistanke om at Johannes og dei andre nordmennene ikkje har fallskjermane på seg. Dei andre av mannskapet er heller ikkje førebudde på å forlata flyet.
Berre to kjem seg ut av flyet i siste liten. Motormann William K. Stevens treff ein mur og blir drepen fordi fallskjermen hans ikkje opnar seg skikkeleg. Co-pilot Peter Pulrang blir einaste overlevande. Han kjem frå det med ein broten ankel.
Flyet treffer bakken ved Walliwall på Orknøyane. Til alt hell treff det ingen hus i området. I eit inferno av flammar og røyk eksploderer det med truleg tolv personar om bord ca kl 06. Augnevitne fortel at ein kunne sjå lyset frå brannen på lang avstand.
Sjølv om flyet var ute av kurs, veit vi ikkje om piloten hadde ein anelse om kor han var. Berre eit par kilometer frå ulukkestaden ligg ein alliert flyplass, og flyet har snudd frå ein sørleg kurs til nord mot denne.
Mange rykte
Det har gått mange rykte i etterkant av ulukka om at flyet blei skote ned av antiluftskyts, eller at motorane stod i full fyr. Den einaste overlevande har i ettertid sagt at flyet styrta som eit resultat av ising i drivstoffsystemet, og at ein miste høgde på grunn av is på vengjene.
Jordet der flyet styrta blei ikkje brukt så lenge eigarane levde. Det blei rekna som freda grunn, til minne om dei som omkom der.
Colby og gruppa hans må venta på nye forsterkningar. Ei veke seinare prøver ein med fire fly utan å lukkast. Eit av dei styrtar i ein fjelltopp i nærleiken, og dei andre tre må gjera vendereis. Det blir likevel bestemt å sprengja Tangen bru. Etter ei strabasiøs ferd gjennom snø og ulendt terreng når ein fram. Dei ladar med fire gonger så mykje sprengstoff som nødvendig for å vera sikre på å øydeleggja brua.
Til deira store overrasking er dei fem som hadde landa i Sverige komne til hovudkvarteret ved Gjevsjøen når dei returnerer. No kan ein planleggja sprengning av sjølve jernbanelinja. 23. april legg dei ut mot Lierne. 24 menn fordelt på åtte team ladar langs ei strekkje på 2,5 km. Kl 00.05 presis smell åtte ladningar samtidig. Dei legg att amerikanske uniformsdeler for å visa identitet før dei returnerer til Gjevsjøen. Her blir dei liggjande til 12. mai. Då går dei på ski ned til Snåsa, så vidare til Namsos, og 10. juni er dei æresvakt for kronprins Olav når han kjem til Trondheim. Så går turen via Oslo tilbake til England og USA. Gruppa blir dekorerte med Bronze og Silver Stars.
Johannes vart gravlagd med tilhøyrande religiøs og militær honnør ved USA sin militærgravplass ved Cambridgeshire i England 6. april 1945. Det vart halde minnehøgtid i Atlas Methodist Church søndag 22. juli 1945. Eg tek her med sluttorda frå denne høgtida.
– At this Memorial Service we pay tribute to one of our gallant soldiers who paid the supreme sacrifice that we might continue to live in free country.
Fire år seinare kom kista med Johannes til Norge, og han blei gravlagd ved Husnes kyrkje, der òg forloveden hans, Magda Rørvik, seinare fekk plass. Johannes var 36 år då han omkom i flystyrten på Orknøyane.