I grøfta
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Bestefar til Astrid Haugse budde like ved ungdomshuset på Hatlestrand. Ein dag då han var ute og jobba, hadde han hunden sin med seg, slik tilfellet ofte var. Hunden hadde vasa seg opp i vegen, og der kom Haugen i full fart på motorsykkel. Han prøvde å svinga klar, men greidde det ikkje. Han kollsykla, og det enda med at både dokteren og hunden hamna i kvar si grøft.
– Du kom fra det med livet, du også, sa Haugen liksom til hunden då han hadde fått reist seg etter uhellet.
Då bestefar til Astrid kom opp til vegen, stod dokteren og drog i ein gjerdepåle. Bestefaren lurte på kva det var, og om han trong hjelp.
– Nei, det er i orden nu.
Armen hadde gått ut av ledd, og no var den på plass igjen.