For sein med god grunn
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Astrid Haugse fortel òg ei historie som skjedde etter at ho var blitt vaksen. Då var legekontoret i Ølve flytta til nyeskulen.
Kontortida starta klokka halv tolv, men klokka var blitt kvart på eitt, og dokteren var framleis ikkje komen. Pasientane på venterommet lurte på kva som kunne ha skjedd, for Haugen pleidde alltid å vera presis. Då han endeleg kom, nærma klokka seg eitt, og venteværelset var fullt. I full fart skubba dokteren døra opp og kom inn med dei to legekoffertane sine.
– Dere får unnskylde at jeg er sen. Jeg har vært i grøften.
Så opna han døra til kontoret sitt og var med ein gong klar til første pasient.