Bilen i bekken
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Aud Sigrun Fausk i Langgåt på Husnes har fleire minne om dokter Haugen. Frå oppveksten hugsar ho ein gong han kom køyrande i den blå Mercedesen opp den bratte bakken forbi huset deira. Forutan at vegen var bratt, var han i dårleg forfatning, kronglete og svingete. Det gjekk ikkje betre enn at dokteren kvelte bilen, og gleid nedi ein bekk.
Mannen til Aud Sigrun, Odd Fausk såg dette, og han fekk med seg bror hennar for å hjelpa Haugen. Dei fekk bilen på vegen igjen, og Odd sa til Haugen at han måtte ha bilen i første gir når han køyrde opp slike bakkar.
– Ja, men jeg har ikke funnet første på lenge, jeg, svara den travle dokteren, og dermed var han ferdig med det.
Aud Sigrun trur det enda med at mannen hennar køyrde bilen opp og snudde han for Haugen.