Elsk med måte!
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
På festane i Turnhallen i Rosendal var det ofte god stemning. Denne historia er henta frå ein av desse.
Ein ungkar hadde funne seg ei dame til å dansa med. Godt nøgd og litt påsegla som han var, gjekk det litt hardt for seg, og det enda med at eit par ribbein rauk på dama. Ho måtte derfor til dokteren. Kva råd dama fekk av Haugen, veit ikkje forteljaren, men dokteren var alltid interessert i å følgja med på ting, så han klarte i alle fall å få greie på kven den litt hardhendte mannen var.
Ei tid etterpå måtte mannen oppsøkja Haugen for eitt eller anna. Då konsultasjonen var ferdig, og mannen var på veg ut døra, kom dokteren med følgjande melding:
– Da må De huske å elske med måte neste gang, mann!
Det kunne tidvis gå hardt for seg i turnhallen (Foto: ukjend).