Trekte fire jekslar
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Astrid Haugse, som no bur i Herøysundet, voks opp i Ølve. Ho har mange minne frå Haugen si tid som dokter.
Då ho var 10–11 år fekk ho så skrekkeleg tannverk. Ho gjekk då på Husa skule, ein av fire skular i Ølve på den tida, og gjekk frå skulen til dokterkontoret i Holo.
Etter at ho hadde site og verkt og kvidd seg på venterommet, kom ho omsider inn til Haugen. Ganske kjapt trekte han fire jekslar, så det vart ei ganske så blodig stund. Det var ingen bedøvelse, men jekslane vart trekte ein etter ein og hamna rett i bosbøtta. Resultatet vart ganske så store sår i munnen.
– Nu kan du gå hjem og spise grøt resten av uken, var trøysta Astrid fekk. Ho fortel at ho let vera å gå tilbake til skulen. Til det var det altfor mykje blod.