Isolasjon, leiker og lesestoff
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Etter at vaksine mot difteri kom inn i vaksineprogrammet for barn i 1952 har denne sjukdommen blitt ytterst sjeldan i Norge. Olga Sunde frå Rosendal, no busett i Uskedalen, fortel at ho vart smitta av sjukdommen for om lag 70 år sidan, altså nokre år før vaksinasjonen mot sjukdommen starta.
Olga var då i 10-årsalderen, og ho fekk smitten frå Os gjennom ein onkel som kom på besøk. Det var Haugen som stilte diagnosen, og sidan sjukdommen var så smittsam, måtte Olga og onkelen vera innestengd på loftet i tre veker.
– Det var lenge, og ikkje følte eg meg noko særleg sjuk heller, men eg opplevde verkeleg kor snill Haugen var gjennom den tida, fortel Olga om dei tre lange vekene.
Haugen syntes nok synd på henne, og han stakk stadig innom med leiker, bøker og alt mogeleg som ho fekk. Mykje av det var slikt som han henta frå jentene sine, og Olga hadde inntrykk av at det slett ikkje var alltid at dei visste om det.
– Jentene blir nu kanskje litt sinte når jeg tar bøkene deres, sa dokteren.
Olga seier at det var tydeleg at han hadde vondt av barn som måtte vera lenge inne på grunn av sjukdom. Veldig snill som han var, prøvde han å motverka den kjedelege tida med å gi lesestoff og leiker, rosar Olga Sunde. Ho hadde lite direkte kontakt med dokteren i løpet av dei tre vekene, sidan han også måtte ta omsyn til den store smittefaren.