Først i køen
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Haugen hadde utekontor i Holo i Ølve. (Foto: Kristian Hus)
I Ølve hadde Haugen utedagar i Holo, i huset til Lars Dahle. Der var det ikkje timebestilling, og det galt å vera ute i god tid. Dermed var det som regel godt med folk på venterommet når dokteren kom. Ein gong var ei dame som var rekna som svært slagferdig, først i køen. Då ho høyrde duren av motorsykkelen som dokteren kom køyrande på i skinndressen sin, sa ho det slik då ho ville sikra førsteplassen sin i køen.
– Det er best å gjera seg klar, for han hive snart bukso, han!
Ho visste nok kva ho snakka om, for då Haugen kom, trødde han fort ut av skinndressen, og så var det full gang på det på kontoret.