Tok snarvegen
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Det var ikkje alltid like lett for Haugen å ta seg fram til pasientane. Sølvi Ulvenes hugsar eit legebesøk ein vinterdag då det var uvanleg mykje snø. Ho voks opp på Saghaugen på Sunde, og eine bror hennar var sjuk med så høg feber at det vart ringt etter dokter.
Då dokteren kom parkerte han nede ved hovudvegen og gjekk «sjøvegen» opp mot huset. Haugen var som alltid travel, og han hadde ikkje tid til å gå alle svingane. Derfor tok han snarvegen rett over bakkane i den djupe snøen. Sølvi anslår snødjupna til minst 70 cm.
– Eg ser framleis føre meg synet som møtte oss då vi såg ut glaset. Dokteren kom vassande i snø mest til livet med svart hatt og svart frakk. Han bar på to legekoffertar, og måtte halda armane omtrent rett ut for å halda dei over snøen, skildrar Sølvi Ulvenes det når dokteren kom opp mot huset.
Det var nok ganske så vanleg at den travle legen tok snarvegar for å spara tid.