Sying med presisjon
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Eit bilde frå Solheim Turiststasjon tidleg på 1940-talet. Huset vart bygt i 1937, på murar som opprinneleg var tenkt brukt til forretning mange år tidlegare. Personbilen, ein Studbaker 1937-modell, tok tyskarane frå eigaren, Fridtjof Sunde under krigen. Lastebilen, ein Ford A 1928/29-modell kjøpte han fem år før krigsutbrotet og vart blant anna brukt til transport for Uskedal Trelastlager. På lasteplanet var det elles benker som musikklaget sat på under turane sine.
Den eine jenta på bildet er Torhild, søster til Aslaug. Kven mennene er, veit vi ikkje. (Privat foto).
*
Aslaug Lyse i Uskedalen opplevde to gonger å få stygge kutt like ved augene, og begge gongene vart såra sydde. Første gongen var ho om lag fem år gammal. Ho datt på golvet, knuste ei glasmugge og kutta seg stygt tett inntil auga. Det vart ringt etter dokteren, og han kom så kjapt som han kunne.
Det blødde kraftig, og jenta var heilt krakilsk. Truleg vart ho skremd av alt blodet. Far til Aslaug, Fritjof Sunde og Sverre Arnesen, som på den tida leigde i 2. etasje i huset, fekk oppgåva med å halda den ustyrlege og avskremde jenta medan Haugen skulle prøva å sy. Sidan det var så kloss inntil auga, var han heilt avhengig av at jenta var heilt i ro medan syinga føregjekk. For å dempa den forstyrrande skrikinga fekk Aslaug munnen full med bomull.
– Eg skjønar ikkje at det gjekk an å sy så tett inntil auga på ein krakilsk unge! Nei, korleis han klarte det, forstår eg ikkje, seier Aslaug Lyse i dag. Og veit du kva, det er mest umogeleg å sjå arr!
Aslaug (Sunde) Lyse framfor turiststasjonen, truleg i 1965. (Foto: Kristian Hus)
Nokre år seinare var Aslaug uheldig igjen. Under leik klatra ho på nokre røyr, og ho datt ned og fekk eit kutt i augebrynet over det andre auget. Denne gongen passa det slik at Haugen hadde kontordag i 2. etasje i huset til Fredsy og Bjarne Myklebust på Brekketoppen. Dermed kunne jenta ta turen bort dit for å bli sydd. Også den gongen vart resultatet vellukka.
Aslaug Lyse hugsar også Haugen for at han stoppa hos dei og fylte bensin. Ho fortel at han alltid var interessert i å vita ting. Han spurde etter både kven som budde i dei ulike husa, og etter nytt som hadde skjedd.