To Mercedesar
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Haugen hadde ein del bilar gjennom åra, og det går også nokre historiar om bilkjøpa hans. Ein gong var han hos Ålgård Bil i Bergen, der han såg på Mercedes. Eit stykke frå han stod to erfarne bilseljarar og snakka med ein læregut. Dei såg nok ikkje nokon potensiell Mercedes-kjøpar i denne kunden, så dei sa til læreguten at han kunne ta seg av han.
– Jeg tar to av disse, sa Haugen, og peika på ein ny Mercedes, medan dei to erfarne seljarane som stod på avstand, vart ganske så lange i maska.
– Ja, korleis gjer vi med betaling, då? vart han spurd.
– Det tar vi med det samme, var det kjappe svaret, og dermed var handelen gjort.