Grindajente
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Marit Storedale fortel at far hennar køyrde drosje i Ølve på 1950-talet, og køyrde dokter Haugen når han var på den sida av fjorden. Om sommaren var Marit med som grindajente, og ho fekk fem øre for kvar grind av dokteren.
Etter det Marit kan hugsa var det 14 grindar mellom Hammarhaug og kaien på Hatlestrand, så det vart nokre øre å tena på desse turane.