Middag på duken


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


jodie-morgan-pdyNBY0WJHA-unsplash.jpg

Haugen kunne vera svært annig av seg, og han kasta som kjent ikkje bort tida. Hushalderska hans, Aslaug Sandvik, sytte for at han fekk mat når han var heimom. Men det var ikkje alltid han kunne koma til middag når ho hadde maten klar.

Det vert fortalt om ein gong ho hadde laga lapskaus. Dokteren kom og hadde det svært travelt. Han måtte ut igjen i full fart, og Aslaug var ikkje heilt klar med middagen. Då han ikkje hadde tid til å venta til ho hadde dekka på bordet, klaska han lapskausen på voksduken og åt derifrå.

Forrige
Forrige

Grindajente

Neste
Neste

Uhell i skogen