Karoline Røssland: Eit langt liv på Kaldestad
Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt.
Gaute Lund: – Kvinnherad-alternativet er best og billegast for E134
– Hovudvegen mellom Oslo og Bergen må i framtida gå gjennom Kvinnherad og ikkje via Odda og Jondal, slik Statens vegvesen tidlegare har sagt, meiner det nyskipa selskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS. I dette lyd-intervjuet peikar styremedlem Gaute Lund på at deira alternative trasé er den absolutt beste, og truleg også den billegaste.
Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv
Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.
Bernt Kaldestad: Om livet på brislingfiske, og som pensjonist
Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga.
Kent Are Kjørsvik Petterson: – Mykje usakleg kritikk mot politikarar
– Enkelte politikarar har fått for mykje usakleg hets i media, seier Kent Are Kjørsvik Petterson (31) frå Husnes i dette lydintervjuet. Han er nominert på førsteplass på Venstre si liste ved kommunevalet neste haust. Ordførarkandidaten meiner kritikken kan vera ein av grunnane til at partiet har slite med å få folk til å engasjera seg politisk.
Lars Ivarsøy: Eterna Saudade
Lars Ivarsøy (47) frå Husnes er kaptein i flyselskapet Emirates og bur for tida i Dubai saman med familien sin. På fritida likar han å spela gitar og her er hans bidrag til den nye nettsida.