Balansekunst på isen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Kjellaug Johnsen, som voks opp i Austrepollen i Mauranger, hugsar Haugen som ein verkeleg balansekunstnar på glattisen. Dette minnet skriv seg frå ein gong bestefar hennar låg skikkeleg sjuk. Han hadde lungebetennelse.

Dokteren vart bodsend, og han kom så raskt han kunne. Sidan dette var før det var kome veg til Mauranger, kom han med båt. Vegen opp til huset deira var ikkje køyrbar og det var vinter med skikkeleg isholke. Derfor kom Haugen til fots siste stykket, og det var ikkje berre-berre, det heller.

– Eg vart så imponert over måten han tok seg fram på. Det var balansekunst av høg klasse både då han kom opp til huset, og då han fòr ned att. Ned gjekk det så fort at eg fattar ikkje at det gjekk an, fortel Kjellaug Johnsen, som for lengst har gjort halsnøybu av seg.

Ho legg til at det gjekk fint med bestefaren, og han vart frisk igjen etter lungebetennelsen.

Forrige
Forrige

Tredje grads forbrenning

Neste
Neste

Duehandel