Duehandel


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


I gutedagane var Arvid Tufta veldig interessert i duer. Han hadde brevduer og var medlem i Ving, ein brevdueforening i Bergen. Interessa hans for duer gjorde sitt til, naturleg nok, at han ofte var å såg på, og studerte fuglane til Haugen. Det var særleg nokre kvite, som var spesielle og interessante, syntes Arvid.

Etter ei tid våga han seg til å spørja om han kunne få kjøpa nokre duer hos dokteren. Han hugsar ikkje akkurat kva Haugen svara med det same, men det passa ikkje akkurat då, så han kunne koma tilbake neste morgon.

Tidleg neste morgon gjekk Arvid til doktergarden. Då var dokteren ikkje å sjå, han var nok alt på farten, men på trappa stod ei øskje klar med fire flotte duer.

– Desse hadde han nok sikkert henta då dei sov på vaglet om natta, fortel Arvid, og legg til at han fekk ikkje betala dokteren noko som helst for duene.

Forrige
Forrige

Balansekunst på isen

Neste
Neste

Uhell med luftgevær