Uhell med luftgevær


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Arvid Tufta, som i dag er ein svært ivrig skyttar, hadde også denne interessa for skytesporten i ungdommen. Det starta med luftgevær. Han hugsar godt ein gong dei dreiv og skaut på blink. Midt i økta kom det ei kraftig regnbyge, og dei måtte ta ein pause. Arvid var forsiktig med våpenet sitt så han sette opninga på løpet ned mot støvelen, slik at det ikkje skulle koma vatn inn i løpet.

Medan kameratgjengen stod der og prata og venta på at regnbyga skulle gje seg, gløymde Arvid seg ut – og trekte av. Geværet var ladd, og kula gjekk gjennom støvelen og inn i foten. Vondt gjorde det, så først bar det heim til mora og etterpå til Haugen.

Dokteren undersøkte foten og fann kula under huda mellom to tær. Han opererte ho ut og reinsa og plastra såret. Deretter gjorde han kula rein og leverte ho tilbake til eigaren med følgjande replikk:

– Nu er den god som ny, og du kan bruke den om igjen.

Arvid Tufta hugsar ikkje om kula vart brukt etterpå.

Forrige
Forrige

Duehandel

Neste
Neste

Travel trafikant