Ei nifs oppleving i Stalheimskleiva


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Borna Mari, Knut og Berit saman med faren, Knut Sellevold.

Sokneprest Knut Sellevold kjøpte første bilen sin, ein Morris 10 frå dokter Haugen rundt 1950. Bilen hadde dobbelt clutch, etter som synkroniserte girkassar kom først nokre år seinare, så det var ikkje alltid like enkelt å få giret ned frå høgt til lågt turtal.

Son til soknepresten, også han med førenamnet Knut, minnest enno ei nifs oppleving då familien ein sommar var på tur i Morrisen og skulle ned den bratte Stalheimskleiva:

– Bilen fekk for stor fart og far skulle gira ned, men han klarte det ikkje. Bilen skaut fart og vi nærma oss ein krapp sving. Mor skreik av angst, men så greidde far å bremsa ned like før svingen. For oss barna i baksetet vart det ei nifs oppleving, fortel Knut Sellevold.

Bilen vart seld til opphogging, truleg i 1957. Far ville gjerne halda på nummeret R-1001, men det var eit busselskap som fekk det. Det var stas med låge bilnummer i dei dagar, så den nye bilen til Sellevold (ei Folkevogn) fekk nr R-695, minnest sonen.

Forrige
Forrige

Med sykkel og ski over Folgefonna

Neste
Neste

Dyktig, arbeidssam og pliktoppfyllande