Spretten utrykking på Karlsøy


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Kirsten Bøyum hugsar enno historia som far hennar fortalte. (Foto: Kristen Børje Hus).

Dokter Haugen vert hugsa som ein kar som var både spretten, lett på foten og rask i snuen. Dette utnytta han til å spara tid når han var på utrykkingar. Kirsten Bøyum i Rosendal fortel ei historie om dette frå tida Haugen var distriktslege på Karlsøy i Nord-Troms:

Far hennar arbeidde på anlegg, og det hadde skjedd ei ulukke. Haugen vart tilkalla, og i øykommunen var det vanskelege kommunikasjonar, og legetransporten måtte ofte gå sjøvegen. Etter at dokteren hadde gjort første del av denne reisa i ein større båt, var det far til Kirsten som fekk oppdraget med å henta han siste stykket inn til land i ein liten båt. Haugen hoppa over i den vesle båten mest før han var komen inntil, og då dei kom inn mot land, heiv han seg uti og vassa siste stykket. Då båten var komen til lands, var dokteren alt eit stykke av garde.

Kva som skjedde vidare på dette legeoppdraget, kjenner vi ikkje til.

Forrige
Forrige

Undersøking på sjeselongen

Neste
Neste

Med sykkel og ski over Folgefonna