Undersøking på sjeselongen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Kjersti Bondhus i Mauranger fortel ei historie om korleis det var å koma til Haugen på kontroll når ein var høggravid. Kjersti var tilflyttar frå Fana til Mauranger og hadde aldri opplevd noko løgnare enn då ho oppsøkte dokteren i Rosendal, like før ho vart mor for første gang i 1971.

Det var i byrjinga av juli, og Kjersti hadde berre eit par veker att til termin. Haugen var for lengst slutta som distriktslege og helsesenteret var feriestengt. Ho tok derfor kontakt med dokteren, som framleis dreiv privatpraksis, og fekk time.

– Eg følte at tida blei skrudd 50 år tilbake då eg kom inn på kontoret hans og fekk beskjed om å ta plass i sjeselongen av brunt skinn for å bli undersøkt, minnest Kjersti. Etter undersøkinga tok Haugen den medbrakte urinprøven hennar over i eit reagensglas. Han varma den over ein parafinbrennar og rista på glaset, truleg for å sjekka urinen for eggekvite.

Etter at dokteren hadde konstatert at alt var i orden, og pasienten skulle til å gå, tok han henne i handa, såg på hendene hennar, strauk over dei og sa: «Ingen konehender her ennu».

Den no 70 år gamle dama svara: «Men du kan være trygg på at de kommer, for nå skal eg bli bondekjerring i Sundal».

Forrige
Forrige

Travel trafikant

Neste
Neste

Spretten utrykking på Karlsøy