Vart sydd i søvne


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Etter den alvorlege brannskaden og alle smertene, fekk naturleg nok Jostein Guddal legeskrekk. Likevel fekk han behov for lege nokre år seinare. I sjuårsalderen var den gardsinteresserte guten også borte ved floren. Han var då uheldig og gjekk på karmen på mjelkebilen. Resultatet vart eit solid kutt i hovudet. Det måtte sying til, og Haugen vart tilkalla.

Men før dokteren kom, hadde guten sovna på divanen, og mora spurde derfor dokteren om ho skulle vekkja guten.

– Det er ikke nødvendig, sa legen, og sydde såret medan guten sov.

Vel ferdig vakna guten, og han hylskreik med det same han såg dokteren.

– Alt er over nu, var den rolige kommentaren frå legen.

Forrige
Forrige

Kommunevalet – eit dilemma

Neste
Neste

Tredje grads forbrenning