Årets trimfest i Rosendal

Ord
Ut på tur – i vakker natur

Ut på tur – i vakker natur

Komande søndag er det klart for det 33. Kvinnheradløpet i Rosendal. Det første løpet vart skipa til i 1982 med 193 deltakarar. Sidan den gong har løpet kvart einaste år vore skipa til første søndagen i oktober.

Nytt i år er at løypa ikkje lenger er knappe 10 kilometer. Den er no blitt 5,7 kilometer lang. Start og mål er som før ved idrettsbanen i Rosendal, men ein går ikkje no opp Svartedalen og til Skeie, men løypa går i fint terreng i Rosendalsområdet.

Ut på tur – i vakker natur

– Føremålet med Kvinnheradløpet har i alle år vore å få folk flest, uansett form og alder, ut på tur i vakker natur, seier Morten Nygård i arrangørgruppa.
 
Fokuset har vore sett på dei gåande, dei som nyt turen utan tidtaking og som gjerne stoppar opp i løypa for å prata med kjende og ukjende. Men det er sjølvsagt òg ein konkurranseklasse med tidtaking for dei som vil konkurrera med seg sjølve eller naboen, seier Nygård.
 
Både dei som ruslar gjennom løypa og dei som spring, gjennomfører no den same løypa. For dei som deltek på tid er det no ein heilt ny premie til dei tre beste; ei krus laga av keramikar Elisa Helland-Hansen.

Kvinnheradløpet høver for alle uansett form og alder, og det er ingen problem med å ta seg fram med barnevogn. Deltakarane får gratis drikke når dei kjem i mål, og alle som fullfører er med i trekkinga av gåvekort.
 
Rosendal Turnlag og Kvinnheringen er arrangørar av Kvinnheradløpet.

Forrige
Forrige

Satsar på song og musikk

Neste
Neste

Hobbyfotograf – under vatn