Hobbyfotograf – under vatn

Ord
Ein sovande torsk på 15 – 20 meters djupne i Vestvika utanfor Bjellandsøy. (Foto: Kristian A. Karlsen)

Ein sovande torsk på 15 – 20 meters djupne i Vestvika utanfor Bjellandsøy. (Foto: Kristian A. Karlsen)

Hobbydykkaren har mykje og profesjonelt utstyr med seg når han ser etter gode undervannsmotiv.

Hobbydykkaren har mykje og profesjonelt utstyr med seg når han ser etter gode undervannsmotiv.

– Dykking og undervanns-fotografering er heilt topp! Det seier Kristian A. Karlsen (50). Han har vore med i Kvinnherad Undervannsklubb sidan 2002 og dyrkar i dag sin store hobby ved å dykka så ofte han kan.

– Det er nesten blitt ein lidenskap, vedgår Karlsen i samtale med Skimtvis.no.

I tillegg til sjølve dykkinga høyrer også undervassfotografering med til aktiviteten, og det har han drive med sidan 2011. Sjølv ser Karlsen berre på det som ein hobby, men han brukar likevel profesjonelt utstyr med blits og flaumljos når han er på leit etter gode motiv nede i djupet. Kameraet og lysutstyret han tar med seg i vatnet veg ca 11 kilo.

– Eg dykkar så ofte eg kan saman med kameratane mine i undervannsklubben, og det blir minst to – tre turar i månaden på ulike stader i kommunen, seier Karlsen.

Nett no har det vore litt uvêr på Vestlandet og forholda er dermed ikkje så gode som hobbydykkarane kunne ønskja seg. Men når dei kjem ned mot 20 meter er vatnet klart og fint, og då opnar det seg nesten ei ny verd for dykkarane.

Denne trollkrabben fann Karlsen i Storvika på kring 20 meters djupne.

Denne trollkrabben fann Karlsen i Storvika på kring 20 meters djupne.

Forrige
Forrige

Årets trimfest i Rosendal

Neste
Neste

To bøker frå Halsnøy i år