Hogst og vegvøla i Bogsnes

Det er teke ut 550 kubikk granskog i denne omgang.

Det er teke ut 550 kubikk granskog i denne omgang.

Det skjer store endringar i Bogsnes denne hausten.

Det skjer store endringar i Bogsnes denne hausten.

Dersom du skulle gå tur til Bogsnesåsen på Husnes med det første, vil du snart sjå store endringar innover i det populære turområdet. For her føregår det ei blanding av hogst og vegvøla, alt organisert av Vestskog AS.

I tillegg til at den ca ein kilometer lange vegen innover i skogen får ei nødvendig opprusting, har Vestskog AS med hjelp frå Åsmund Hjelmeland Hogst & Service AS teke ut kring 550 kubikk hogstmogen grantre frå Ragnfrid Bogsnes sin eigedom.

Skogen er av framifrå kvalitet, fortel skogbrukssjef Terje Natland. Det meste skal gå til sagtømmer, medan berre ein liten del går til papirproduksjon i Norge. Endåtil Tyskland får glede av skogen frå Husnes, ifølgje skogbrukssjefen.

Natland skryt over kvaliteten på skogen som er planta både i Kvinnherad og elles på Vestlandet. Produksjonen per dekar er dessutan langt større her enn til dømes på Austlandet. Det skuldast blant anna gode veksttilhøve på våre kantar.

Gammal skog

Vegen i Bogsnes vart bygt for 25 – 30 år sidan, medan skogen som no er teken ut vart planta for 50 – 60 år sidan, ifølgje Terje Natland.

Hogsten som har føregått i området dei siste vekene er berre ein liten del av kulturskogen i Kvinnherad, for alt i alt er det registrert om lag 50.000 dekar med skog her i kommunen. Og ifølgje skogbrukssjefen er det altså bra kvalitet på det aller meste.

Vestskog AS er skogeigarane sin eigen organisasjon, der kvar og ein er andelseigarar. Åsmund Hjelmeland Hogst & Service AS er leigd inn i ulike prosjekt.

Iver Blokum er skogbruksleiar i Sunnhordland.

Iver Blokum er skogbruksleiar i Sunnhordland.

OrdKristian Husskog, hogst